Einingsleiar (rektor/styrar), 100% fast stilling
Gulen kommune
Yndesdalsvegen 2719, 5961 Brekke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brekke barnehage og skule. Tilsetjing 100% fast st. einingsleiar Brekke barnehage og skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 20. mai
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som einingsleiar (rektor/styrar), for tida ved Brekke barnehage og skule, frå 01.08.2025.Me søkjer etter ein einingsleiar som kan leie eininga sitt utviklingsarbeid vidare og som kan vere ei drivkraft i høve barna og elevane si faglege meistring, samt skape eit trygt og godt skule- og barnehagemiljø.
Ta kontakt med kommunalsjef oppvekst og kultur (kontaktperson i annonsen), om du har spørsmål til stillinga!
Brekke barnehage og skule - omsorg, respekt og ansvar
Brekke barnehage og skule er eitt av fire oppvekstsenter i Gulen kommune, og er ei samla eining med barnehage, skule og SFO. Eininga er lokalisert i Brekke i Gulen, og ligg tett ved fjell og fjord. Skule og barnehage har gode lokaler med god plass til elevar og barnehagebarn, godt utstyrte spesialrom og gode kontorløysingar til dei tilsette. Me har eit stort uteareal, og idrettsbane i nærleiken. Me er ein fådelt skule 1-10. Skulen har 55 elevar og det er 25 barn i barnehagen pr. no. Barnehagen har to avdelingar; Tommeliten og Soria Moria.
Klikk deg inn på linkane om du vil vite meir om eininga, avdeling skule og avdeling barnehage.
Det er eit ynskje frå kommunen at leiarteamet samla har både barnehagefagleg og skulefagleg bakgrunn. Dei seks einingsleiarane i Oppvekst- og kultursektoren og kommunalsjef oppvekst og kultur samarbeidar tett om kvalitet og utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Leie og motivere til fagleg utviklingsarbeid
- Utøve god personal- og økonomileiing
- Syte for at eininga vert driven i samsvar med lov, føresegner og lokale politiske og administrative føringar
- Informasjon og rettleiing
- Delta i dagleg drift
- Andre oppgåver som måtte kome til
Me tilbyr Sletting av studielån
- Ein spanande, meiningsfull og variert arbeidskvardag
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta 25 000kr av studielånet ditt (oppteninga startar 01.01.2025, som gir gjeldssletting tidlegast 01.01.2026). Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som hels etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde,www.regjeringa.no).
Kvalifikasjonar
- Krav om pedagogisk utdanning
- Det er ynskjeleg at søkjar har leiarutdanning
- Det er ynskjeleg med erfaring innan praktisk arbeid- og/eller leiing i barnehage eller skule
- Krav om god munnleg og skriftleg famstillingsevne
- Krav om førarkort kl B og disponering av bil
Personlege eigenskapar
- Brekke barnehage og skule ynskjer ein einingsleiar som har gode evner til samarbeid, tar vare på dei gode tradisjonane ved eininga og er oppteken av utviklingsarbeid. Leiaren må vere fleksibel, sjå kvar enkelt, vere tydeleg, ta avgjersler og vise retning.
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted