Sjukepleiar med funksjon assisterande seksjonsleiar
Medisinsk sengepost Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar med funksjon assisterande seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du vere ein del av vårt nye leiarteam?
Medisinsk sengepost ved Kristiansund sjukehus søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling med funksjon som assisterande seksjonsleiar. Tiltreding etter avtale.
Vi søkjer ein engasjert og positiv sjukepleiar som vil inngå i leiarteamet med vår nye seksjonsleiar. Som assisterande seksjonsleiar er du avløysar for seksjonsleiar. Du vil vere tett på klinisk drift og bidra til å løyse administrative leiaroppgåver. Vi på medisinsk sengepost arbeider for kontinuerleg høg fagleg kvalitet og pasienttryggleik i eit triveleg miljø. For å lukkast med dette, må vi tenkje nytt og ta i bruk andre måtar å arbeide på. Du vil vere ein viktig pådrivar for at vi skal lukkast med å imøtekome fremtidas krav.
Arbeidsoppgåver
- Avløysar for seksjonsleiar
- Bidra til god leiing og styring av seksjonen
- Bidra til kompetansekartlegging og rett fagleg utvikling av dei tilsette
- Bidra til god ressursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen
- Bidra til etterlevelse av mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategier
- Aktiv deltaking i leiargruppa ved seksjonen
- Aktiv deltaking i utvikling av pasientforløpet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå samarbeid på tvers av faggrupper og organisatoriske einingar
- Det er ønskjeleg med relevant klinisk erfaring
- God og allsidig IKT-kompetanse
- Må ha gode munnleg og skriftleg norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har motivasjon for leiaroppgåver
- Du er nytenkjande og framtidsretta
- Du er engasjert og trivast med å gjere andre gode
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
- Du har evne til å motivere medarbeiderane til endring og utvikling
- Du er ein kulturbyggjar som er opptatt av å få til ein felles kultur
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ein variert og utfordrande jobb i eit tverrfagleg miljø
- Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
- Gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår!
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Petter Rangnes, Avdelingsjef medisin, Petter.Rangnes@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4642368979
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2298759
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5b54871d7c0942049dde6a745aff0da7