Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske på flukt?
Hjelmeland kommune Flyktningetenesta
VÃ¥gavegen 115, 4130 Hjelmeland
Om jobben
Stillingstittel
Programrådgjevar 100 % vikariat (1 år)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du glad i å hjelpa andre? Ynskjer du å gjere ein positiv forskjell i andre personar sitt liv?
Me har stort arbeidstrykk i flyktningetenesta i Hjelmeland kommune, på grunn av den store flyktningestraumen som er for tida. I 2022-23 tok vi imot totalt 115 flyktningar, og i 2024 er me anmoda om å ta imot nye 35 personar. Me vil mellom anna tilsette ein programrådgjevar i 100% vikariat i 1 år, med eit særleg ansvar for å fylgje opp flyktningane sine introduksjonsprogram.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- vedtak om introduksjonsprogram/norskopplæring
- informasjon til flyktningar om skulestart, introprogram timeliste, fråvèr, eigenmelding og introlønn
- finne språkpraksis i arbeidsrelatert tiltak og følge opp denne
- lage individuell integreringsplan/norskplan og integreringskontrakt for kvar flyktning
- bestille karriereveiledning
- samarbeide med PPT
- registrere timer i IMDI (norsk, samfunn og intro)
- oppfølging av elevar og møte mellom elevar, kontaktlærarar og programrådgjevarar
- andre oppgåver i flyktningetenesta
- noke ettermiddag- og kveldsarbeid må påreknast
Kvalifikasjonar og vilkår
- relevant treårig høgskuleutdanning
- relevant arbeidserfaring kan kompensera for utdanningskravet
- evne til systematisk arbeid, målorientert og god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- må beherske norsk og engelsk. Det vil også bli vektlagt om ein kan ukrainsk og russisk.
Personlege eigenskaper
- tolmodig
- gode samarbeidsevner
- sjølvstendig
- løysningsorientert
- positiv
- fleksibel og endringsvillig
- evne til å stå i krevjande situasjonar
- godt humør
- påliteleg, lojal og ansvarsbevisst
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2498681
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3266925_205421_nn