Kantor Arna sokn - vikariat
Bergen kirkelige fellesråd
Lakslia 21, 5261 Indre Arna
Om jobben
- Stillingstittel
- Kantor Arna sokn - vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Det er ledig vikariat for kantor – 100 % stilling i perioden 1. april 2026-31. mars 2027.
Vil du bli med på laget i ein spennande og aktiv kyrkjelyd med god oppslutning om gudstenestene, inkluderande møtestader, mange frivillige og eit kyrkjemusikalsk arbeid av høg kvalitet og stor breidde? Då må du søkje vikariatet som kantor i Arna kyrkjelyd.
Arna er ein bydel i Bergen kommune og ligg 7 minutt med tog frå Bergen sentrum. Kyrkjelyden har omlag 7 500 medlemmer og er ein aktiv kyrkjelyd med eit breitt tilbod for ulike aldersgrupper. Den er synleg i nærmiljøet og samarbeider godt med lag, organisasjonar, kor og korps.
Staben er sett saman av prestar, kateketar, kantor, ungdomsdiakon, kyrkjetenarar, barnehagetilsette og dagleg leiar. Dagleg leiar vil vere næraste leiar. Kyrkjelydshuset inneheld tenlege kontorplassar for dei tilsette.
Arna kyrkje er ei lys og vakker steinkyrkje frå 1865 som ligg sentralt plassert like ved handlesenter og togstasjon. Like ved kyrkja ligg kyrkjelydshuset, med gode lokale for eit breitt spekter av tiltak for ulike aldersgrupper.
Orgelet i Arna kyrkje er bygt i 1955 av J. H. Jørgensen, Oslo. Det har tre manual og pedal, 28 sjølvstendige stemmer og 15 unit-stemmer. I 2017 vart det utført eit omfattande arbeid som mellom anna omfatta fornying av trakturen i orgelet. I tillegg fekk ein ny spelepult. Denne er justerbar i høgda. Arbeidet vart utført av Johannes Buder. I dag framstår orgelet betre og meir brukartilpassa enn nokon gong, mellom anna med Setzer-anlegg for førehandsregistrering.
Arna kyrkje har òg eit svært godt flygel, Schimmel C 213 T. Dette kom på plass i 2015.
Sjå meir: kyrkja.no/arna og gudstenester på NRK TV.
Arbeidsoppgåver
Overordna ansvar for det kyrkjemusikalske arbeidet i soknetPlanleggje og gjennomføre gudstenester og kyrkjelege handlingar i tett samarbeid med staben
Tilretteleggje for forsongerteneste og varierte instrumentinnslag
Vere musikalsk leiar for Arna og Ytre Arna kyrkjekor
Ha eit musikalsk og administrativt delansvar for Arna familiekor
Oppretthalde eit godt samarbeid med øvrig kultur- og musikkliv
Planleggje og gjennomføre konserter og arrangementer
Kvalifikasjonar
Formelle kvalifikasjonar i høve tenesteordning for kantorer (annan relevant utdanning og erfaring vil kunne bli vurdert).Tilsetjing som kantor skjer med atterhald om vigsling og at biskopen gir tjenestebrev, jf. Tjenesteordningen for kantor § 5
Tilfredsstillande politiattest må framleggjast ved tilsetting jvf. Kirkeordning.
Søkjer må vere medlem av Den norske kyrkja
Søkjer må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg. Skrift- og liturgispråk er nynorsk.
Aktuelle søkjarar kan bli innkalt til prøvespill/praktisk prøve.
Personlege eigenskaper
Interesse for gudstenesteliv, korarbeid og kyrkjelydsbygging
Kan utvise stor breidde i ulike musikalske uttrykk og former
Evne til å arbeide ryddig og sjølvstendig
Er allsidig og trygg, kan skape gode relasjonar og byggje tillit
Bidra til ein god organisasjonskultur i samarbeid med tilsette, folkevalde og frivillige
At søkjaren er eigna til oppgåvene, vil bli tillagt betydeleg vekt.
Vi tilbyr
Et spanande arbeidsfellesskap med både tilsette og frivillige medarbeidarar
Pensjonsordning i Bergen kommunale pensjonskasse
Ulykke- og gruppelivsforsikring Bedriftshelsetjeneste
Lønn- og arbeidsvilkår reguleres av tariffområdet knyttet til Kirkens arbeidsgiverorganisasjon (www.ka.no) og Bergen kirkelige fellesråds Arbeids- og personalreglement.
Kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Kantor må pårekne noko teneste i Ytre Arna sokn og andre stader i fellesrådet etter behov hos arbeidsgjevar.
Søkjarar må leggje ved dokumentasjon på utdanning. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Nokut eller HRdir. Søknader om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast for å bli vurderte.
Kontaktinformasjon
Marianne Wallem Fanebust, Daglig leder, 92435257, mf934@kirken.noEli Heggdal, Områdeleder Fana og Åsane prosti, 48072423, eh462@kirken.no
Benny Mortensen, HR-sjef, 40819879, bm964@kirken.no
Arbeidssted
Lakslia 215261 Indre Arna
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bergen kirkelige fellesrådReferansenr.: 5067841684
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bergen kirkelige fellesråd (BKF) bygger og forvalter kirkebyggene og gravplassene i Bergen og har ansvar for gravplassmyndigheten på vegne av alle byens innbyggere. BKF ivaretar administrative og økonomiske oppgaver for Den norske kirkes 25 menigheter i Bergen og er arbeidsgiver for om lag 180 ansatte med kirkevergen som daglig leder. Vår visjon er "Mer himmel på jord".
Bergen kirkelige fellesråd skal være en arbeidsplass med rom og respekt for mangfold, uavhengig av hudfarge, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrer derfor alle kvalifiserte kandidater til å søke.
Bergen kirkelige fellesråd er ikke underlagt offentlighetsloven i ansettelsessaker, og innhenter derfor samtykke fra søkerne før det utarbeides offentlig søkerliste. Dette er av hensyn til personvern, jf. personopplysningsloven artikkel 7.3. Eventuelle søknader om unntak for offentlig søkerliste må begrunnes.Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
11cadf9a-89f6-4d08-b44f-52bab775540c
- Sist endret
20. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0794d6df5eda46178daf22f15dee6ba6
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bergen kirkelige fellesråd
Sted
Ulset
Arbeidsgiver
Den norske kirke, Bjørgvin bispedømme
Sted
Laksevåg
Arbeidsgiver
Bergen kirkelige fellesråd
Sted
Bergen