ID 2093 Vernepleiar - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Avd. Saghaugen er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Her finn ein 6 bustader. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det. Bustadane er kommunalt eigd, og bebuarane leiger hos Stord kommune.
Me har ledig 100% vikariat for vernepleiar i eitt år frå 01.11.23.Stillinga er i turnus, med langvakter kvar fjerde helg.
Arbeids- og ansvarsområde:- Vernepleiar skal ha fagleg ansvar i avdelinga.
- Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse
- Ansvar for å evaluera mål og tiltak
- Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
- Ansvar for opplæring og rettleiing i høve hovuddiagnosar og tilleggsdiagnosar, og tilretteleggja miljøarbeid utifrå desse
- Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A.
- Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet
- Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak
- Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette
- Autorisert vernepleiar.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
- Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Jane Nerhus, tlf 489 90 906 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2440232
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
11bce079-39ba-4dec-9ef9-a701cb29d460