Dagleg leiar
Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane
6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Dagleg leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 16. september
Er du leiaren som kan samle sterke fagmiljø og skape vidare vekst?
Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane er eit veletablert selskap med ein sterk marknadsposisjon og ei lang historie på Vestlandet. No står selskapet framfor ei spennande utvikling med vidare vekst gjennom oppkjøpet av eit større eigedomsmeklarmiljø i Bergen. I den samanhengen søker vi ein dagleg leiar som skal samle eit sterkt fagmiljø, bygge ein felles kultur og vidareutvikle eit av dei leiande eigedomsmeklarselskapa på Vestlandet.
Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, resultat og vidare utvikling av selskapet. Du skal leie eit selskap i endring og bidra til å realisere gevinstane av vekst og oppkjøp. Ei viktig oppgåve vil følgeleg vere å samle organisasjonen, utvikle kultur og arbeidsformer på tvers av kontor og geografiske områder.
Vi ser difor etter ein leiar som kan kombinere kommersiell kraft med god menneskeleiing. Du byggjer tillit, set retning og får folk til å lukkast saman. Du er tydeleg når det trengst, samlande når det betyr mest, og trivst med å utvikle både leiarar, medarbeidarar og organisasjonar.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har erfaring frå leiing av større fagmiljø eller kunnskapsverksemder, og som kan vise til resultat gjennom andre. Du forstår korleis kultur, organisering og leiarskap påverkar prestasjonar, kundetilfredsheit og lønsemd.
For å lukkast i rolla trur vi at du:
- har erfaring med å leie organisasjonar gjennom endring, vekst eller integrasjon
- evnar å bygge kultur, samhandling og felles retning på tvers av einingar
- har kommersiell forståing og teft for marknadsutvikling
- er trygg i rolla som leiarutviklar og lagbyggjar
- kommuniserer tydeleg og skaper engasjement rundt mål og prioriteringar
- har høgare utdanning på minimum bachelornivå
Erfaring frå eigedomsmekling er ein fordel, men vi er først og fremst opptekne av dokumenterte resultat innan leiing, forretningsutvikling og organisasjonsutvikling.
Kvifor søkje?
Dette er ei moglegheit til å leie og vidareutvikle eit av dei største eigedomsmeklarmiljøa på Vestlandet i ei tid med store moglegheiter. Du får ansvar, påverknad og handlingsrom til å forme både organisasjonen, kulturen og den vidare utviklinga av selskapet.
Som del av SpareBank 1 Sogn og Fjordane får du også ta del i attraktive personalordningar, mellom anna medeigarskap gjennom eignekapitalbevis, gode finansielle vilkår og fleire velferdsgode.
Du rapporterer til direktør for kunde og marknad og arbeider tett med styre, eigarar og leiarmiljø om både strategiske og operative spørsmål.
Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir om rolla, kan du gjerne ta kontakt med Reiel Haugland eller Regine Gausemel.
Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og anna dokumentasjon. Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, og søkarar som går vidare i prosessen vil få nærare informasjon om dette i forkant. Bakgrunnsundersøkinga blir utført av Semac AS.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1184d0a2-7e96-4c21-b396-f3b5c88cac89
- Sist endret
18. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
772bbffbb8654bf4abdc4b1892fb7826