Hopp til innhold

Familieterapeut

Arbeidsgiver

Voss herad Barne og familiehjelpa

Sted

Voss herad, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Familieterapeut vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Vil du vere med å styrkje tilbodet til barn, ungdom og familiar på Voss?
Barne- og Familiehjelpa har fått prosjektmidlar frå Statsforvaltaren, og søkjer no ein engasjert familieterapeut til ei spennande stilling. Gjennom denne satsinga ønskjer me å vidareutvikle og styrkje hjelpetilbodet til familiar som opplever krevjande livssituasjonar og relasjonelle utfordringar. Hos oss får du høve til å arbeide tett på barn, ungdom og familiar, vere med på fagutvikling og bidra til tidleg innsats der det verkeleg betyr noko. Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for å skape gode oppvekstvilkår i Voss herad.

Kven er me?
Barne- og familiehjelpa - Voss herad

Arbeidsoppgåver 
  • tilby terapi og rådgjeving til familiar, foreldre og par
  • arbeide med familiar som står i relasjonelle utfordringar eller samlivsbrot
  • halde kurs, undervisning og faglege samlingar
  • drive rettleiing både individuelt og i grupper
  • samarbeide med andre tenester for å skape gode, samordna tilbod rundt barnet
  • bidra i utadretta og førebyggjande arbeid
  • vere med på fag- og tenesteutvikling
Kvalifikasjonar 
  • har minimum treårig helse- og sosialfagleg utdanning (barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar)
  • har vidareutdanning innan familieterapi eller tilsvarande
  • har erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
  • har erfaring med terapeutisk arbeid og rettleiing
  • er interessert i familiearbeid og relasjonsbygging
  • har førarkort klasse B

Det er ein fordel dersom du har erfaring frå metodar som:

  • COS-P
  • Marte Meo
  • PMTO
  • eller liknande rettleiingsmetodikk

Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Anna språkkompetanse er eit pluss.

Me ynskjer ein kollega som:

  • møter menneske i utfordrande livssituasjonar med respekt, varme og tryggleik
  • arbeider sjølvstendig, men samstundes trivst godt i tverrfaglege team
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt på.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.

Kvifor velja oss?
Hos Barne- og Familiehjelpa får du:

  • eit sterkt og engasjert fagmiljø
  • høve til å påverke og utvikle eit viktig prosjekt
  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • tett tverrfagleg samarbeid
  • eit uformelt, inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter gjeldande avtaleverk

 

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.  Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Trine Viste

Leiar Barne - og Familiehjelpa

+47 47870244

trine.viste@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1169c55e-b73f-4623-9ef1-018f3294d292

Sist endret

27. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3673657_250041_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser