Kokk / kjøkenassistent
Suldal kommune Suldal sjukeheim
Eidsvegen 1, 4230 Sand
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, lørdag
Antall stillinger
1
Vikariat i 100% stilling frå snarast og ut 2024.
Ein av våre gode kokkar skal ha barn, og me treng vikar for ho.
Suldal sjukeheim sitt hovudkjøkken ligg på Suldalsosen, saman med langtidsavdelinga på Vinjarheim. Når ny sjukeheim står klar i 2025, vil me flytte inn der.
Kjøkenet produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg.
Kjøkenet er betjent alle dagar i veka, for tida berre på dagtid. Ein arbeidar ein av tre helger.
- Produksjon av alle døgnets måltid til inneliggande pasienter, samt ein del til utbringing.
- Reinhald av kjøkken og utstyr.
- Anna førefallande arbeid, blant det noko utkøyring av mat.
- Me søkjer primært kokk.
- Andre med erfaring frå kjøkkenarbeid og matproduksjon kan vurderast, og vil då bli tilsett som kjøkkenassistent.
- Sertifikat klasse B er ønskeleg.
- Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.
- Evne til å halda orden og overhalda hygieniske prinsipp.
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk,
- Suldal kommune har gode lokale lønnstillegg
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Suldal sjukeheim har to pleieavdelingar, med tilsaman ca 38 brukarar. Me har ein somatisk og ein demensavdeling. Det er langtids- og kortidsplassar, øyeblikkeleg hjelp, avlastning og treningsbustad.
Det er vedteke bygging av ny sjukeheim på Sand med estimert oppstart 2023. Det vil bli større omleggingar i byggeperioden.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2446724
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3237643_203551_nn