Sjukepleiar, 80% fast stilling
Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A
Åsvegen 13, 6080 Gurskøy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, 80% fast stilling
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 22. august
Seksjon A ved Myrvåg omsorgssenter søker etter ein engasjert sjukepleiar for fast tilsetting.
Det er ledig 80% stilling, arbeidstida er organisert i todelt turnus med langvakter på 12,5 timar kvar fjerde helg.
Stillinga er ledig frå 01.10.2025
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar:
seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Arbeidsoppgåver
- pleie- og omsorgsoppgåver for bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering)
- utarbeide og følge opp tiltaksplanar
- fagleg hovedansvar for legemiddelhandtering
- følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
- samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gode datakunnskapar
- erfaring med journalsystemet Gerica er ein fordel
- god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner
- strukturert, sjølvstendig og god til å prioritere arbeidsoppgåver
- løysingsorientert og fleksibel
- opptatt av heilskapeleg pasientforløp
- like faglege utfordingar i eit godt arbeidsmiljø
- positiv og engasjert i jobben, og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup
- fagdag i turnus
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478Arbeidsstad
Åsvegen 136080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4994370392
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 22.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Anna Emilie Blomstervik
Seksjonsleiar
+47 98075478
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
11308da2-a5f9-4b58-b875-c05e0ef4ee66
- Hentet fra
talentech
- Referanse
65ea8842b85c4c659370b206792ddac2