ID 1995 Vernepleiar/sjukepleiar - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar, sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Avdeling Kjøtteinsvegen er ein del av Tunet burettlag, og høyrer til STOBO, Stord Boligbyggelag AL. I Kjøtteinsvegen er det 4 bustader. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til bebuarar som har behov for det. Bebuarane eig, eller leiger bustadane. Alle brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde brukar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde brukar, pårørande og verje.
Vårt overordna mål er å:
- skapa ein trygg og omsorgsfull heim
- gje god dagleg omsorg og sosial støtte
- leggje til rette miljøet for eigenmeistring
- bidra til eit godt samarbeid med pårørande
Stillinga er i turnus dag/kveld med langvakter kvar fjerde helg.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Vernepleiar skal ha fagleg ansvar i avdelinga
- Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse
- Ansvar for å evaluera mål og tiltak
- Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
- Ansvar for opplæring og rettleiing i høve hovuddiagnosar og tilleggsdiagnosar, og tilretteleggja miljøarbeid utifrå desse
- Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A.
- Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet
- Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak
- Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Rita Tyse Hjertholm, tlf 926 11 149 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2275096
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
11300780-c745-4956-b2a7-65489cac351f