Hopp til innhold

Vi treng barnehagelærarar! 

Arbeidsgiver

Barnehagane , Bykle kommune

Sted

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Til barnehagen vår på Hovden treng vi inntil 2 barnehagelærar i 100% faste stillingar frå 01.08.26

Barnehagane i Bykle er arbeidsplassar kor dagane preges av mykje humor og glede. Du vil få ein innhaldsrik kvardag, der du gjer mykje av deg sjølv og dine kunnskapar. Barnehagen har stort fokus på vaksenrolla og fagleg utvikling.

Vi har auke i barnetal og treng fleire tilsette på laget vårt

Vi er mykje ute i flott norsk høgfjellsnatur, heile året. Vi har store uteområder og nyttar oss av gymsal og symjebasseng og anna kommunen har å tilby.

Hos oss ønskjer vi å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring!

Løn etter kompetanse og  ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg


Arbeidsoppgåver

  • Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap
  • Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen
  • Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik
  • Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar
  • Vere ein god rollemodell og rettleiar
  • Fylje til einkvar tid gjeldande  lovar, forskriftar og planar for barnehage

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar, eller anna pedagogisk høgskuleutdanning
  • Fagleg sterk og kunne omdanne teori til praksis
  • God på å bygge og ivareta relasjonar
  • Jobbar målretta, strukturert og leiar utviklingsarbeid og pedagogiske prosessar
  • Initiativrik, og er god til å inspirere og motivere andre
  • Autoritativ vaksenstil, med evne til å skape gode interaksjonar
  • Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål

Personlege eigenskapar

  • Du tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide
  • Du er leiken og har humor. 
  • Du er god på å organisere, improvisere og finne gode løysingar
  • Vi har fokus på vaksenrollen og du må vere trygg i deg sjølv og kunne gje og ta tilbakemeldingar
  • Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette
  • Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert
  • Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder
  • Jobben er perfekt for deg som liker å vere ute og er glad i ski- og friluftsaktivitetar

PERSONLEG EIGNAHEIT VEKTLEGGJAST

Vi tilbyr

  • Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe
  • Høg pedagogtettheit
  • Fokus på fagleg utvikling
  • Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg 
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Kommunen har flyttegodtgjersle
  • Gode treningsområde inne og ute,  sommar som vinter
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand i tillegg til hytte ved sjøen om sommaren
  • Det er krav om politiattest ved tilsetting
  • Bykle er ein distrikskommune og ein får etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i 1 år avskriving på studielån på kr 25 000,- per år

 

Andre opplysningar  

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Gyldig politiattest må fremsynas før tiltreiing
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
 
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

Kontaktinformasjon

Caroline Rysstad, Tjenesteleder, 93421494

Arbeidsstad

Sarvsvegen 14
4754 Bykle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bykle

Referansenr.: 5083968900
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 07.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Caroline Rysstad

Tjenesteleder

93421494

Om bedriften

Bykle kommune som arbeidsgjevar:

  • Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar 
  • Vi er ca. 190 tilsette
  • Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
  • Vi er ei IA-bedrift

Om Bykle:

  • Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
  • Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
  • Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
  • Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
  • Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter 
  • Det er løpande SFO- og barnehageopptak 

Avstandar:

  • Bykle - Kristiansand er 18 mil
  • Bykle - Oslo er 29 mil
  • Bykle - Stavanger er 33 mil
  • Bykle - Bergen er 35 mil

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1121b32b-3d0d-4f2f-a17c-8b7b54d2de6a

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

aa0fdd014bac49fe85a17c602e86a892

Lignende annonser

Laster lignende annonser