Verdsarvkoordinator
Luster kommune Verdsarven Urnes stavkyrkje
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, Hybridkontor
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. april
Urnes stavkyrkje er eigd av Fortidsminneforeininga. Den vart lagt inn på verdsarvlista i 1979, som den første norske representanten i lag med Bryggen i Bergen. Ein buffersoneplan rundt verdsarvminnet er vedteken.
Stillinga som verdsarvkoordinator er lagt til Luster kommune.
Stillingsinformasjon
Me har ledig 100 % fast stilling som verdsarvkoordinator for verdsarven Urnes stavkyrkje og tilhøyrande område. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Verdsarvkoordinator si hovudoppgåve er å identifisere, verne og forvalte verdsarven sin store universelle verdi, og arbeide for at verdiane i og rundt verdsarven vert ivaretekne.
- Verdsarvkoordinator sine næraste samarbeidspartnarar er lokale grende- og bygdelag, Fortidsminneforeininga, Luster kommune, Vestland fylkeskommune og Riksantikvaren.
- Medverke til, og vere pådrivar og støttespelar for ei utvikling som både tek i vare verdsarvkvalitetane og medverkar til ei utvikling i området - i tråd med intensjonen for verdsarv.
- Identifisere, beskytte og forvalte naturarv og andre verdiar som stør opp om Verdsarven.
- Vere kontaktpunkt for verdsarven Urnes stavkyrkje, og syte for eit aktivt kontaktnettverk. Det inneber å involvere ressurspersonar og kompetansemiljø lokalt, nasjonalt og internasjonalt som er viktig for oppfølginga av verdsarven og regionen.
- Vere sekretariat for Verdsarvrådet for Urnes og tilhøyrande områder, og utgreie, iverksette og følgje opp vedtak, samt organisere møte med eigarar og interessepartar.
- Koordinere og bidra inn til den periodiske rapporteringa til UNESCO.
- Arbeide for å gjere verdsarvverdiane kjent og at statusen vert nytta til beste for Ornes og kringliggande område.
- Delta i nasjonale og internasjonale nettverk for verdsarvkoordinatorar.
- Ha oversikt over sentrale oppgåver i- og rundt verdsarvområdet, arbeid som vert gjort og kva rollar dei ulike aktørane har.
- Bidra i arbeid med å løyse aktuelle problemstillingar og identifisere moglege trugsmål mot verdsarven.
- Andre oppgåver definert av Riksantikvaren for statleg finansierte verdsarvkoordinatorar.
Kvalifikasjonar
- Søkjarar bør ha høgare utdanning (hovudfag/mastergrad) innafor relevant fagområde, til dømes kultur- og historiefag, arealplanlegging og pedagogikk. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning på masternivå.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå kulturminne- og naturforvaltning
- Det er ønskjeleg med erfaring frå utviklingsarbeid og prosjektleiing/ prosjektarbeid
- Det er ønskjeleg med forvaltningserfaring
- Kjennskap til verdsarvarbeid er ein føremon
- Søkjarar må meistre nynorsk skriftleg og engelsk skriftleg og munnleg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Førarkort klasse B
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Urnes stavkyrkje, som har stått på UNESCO si verdsarvliste sidan 1979, er eit av dei mest verdfulle kulturminna i landet og juvelen i krona mellom dei kulturhistoriske eigedomane til Fortidsminneforeininga.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2885359
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3476157_225435_nn