Kulturskulelærar i Fjord kulturskule
Oppvekst og kultur Fjord kommune
Skulebrauta 48, 6210 Valldal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kulturskulelærar i Fjord kommune
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 40.%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Fjord kommune er lokalisert på indre sunnmøre, midt i «indrefileten» av det vestnorske fjordlandskapet. Store delar av kommunen har verdsarvstatus.
Fjord kommune har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv.
Fjord kulturskule tilbyr opplæring song, piano, fele, gitar, gitar, messing, treblås og slagverk. I perioder kan vi også tilby kurs i andre kulturuttrtykk t.d. bildekunst, dans o.l. Vi har også breiddetilbod til unge elevar og tilrettelagt undervisning for menneske med nedsett funksjonsevne. Vi tilbyr opplæring i alle dei tre skulekrinsane i kommunen og har basar ved skulane i Valldal, Stordal og Eidsdal.
Kulturskulen har som mål å vere eit kulturpedagogisk ressurssenter i kommunen, og ynskjer å vere ein aktiv samarbeidspartner for det frivillige kulturlivet i Fjord kommune. Vi samarbeider tett med dei tre skulekorpsa i kommunen om rekruttering, instrumentalopplæring og dirigenttenester. I tillegg er kulturskulen inne i musikkundervisninga til 3. og 4. klasse i samarbeidsprosjektet "korps i skulen".
Fjord kommune har nynorsk som målform
Fjord kulturskule har følgjande stillingsdelar ledig for fast og/eller mellombels tilsetting:
- Frå 1.8.2025 - Inntil 45% stilling. Fast stilling.
- Frå 4.8.2025 – 27.3.2026 – Inntil 15% vikariat med muligheit for forlenging.
Stillingsdelane kan kombinerast. Vi ber søkjaren oppgje kva for stillingsdelar han/ho søkjer.
NB: I samsvar med AML §14-3 har deltidstilsette i kommunen fortrinnsrett til utvida stilling. Det betyr at kvalifiserte deltidstilsette vil bli vurdert før andre søkjarar. Fortrinnsretten gjeld så lenge utøvinga ikkje vil medføre til vesentleg ulempe for kommunen.
Arbeidsoppgåver
Inntil 45% fast stilling:
Inntil 15% vikariat
- Ca 5% - tilrettelagt undervisning for elevar med nedsett funksjonsevne
- Ca 10% - undervisning på fele og piano og/eller andre aktuelle undervisningsoppgåver.
Stillingane vert lyst ut seperat, men for ein med rette kompetansen kan dei kombinerast. Stillingane kan også kombinerast med andre ledige stillingsdelar i kommunen.
Fjord Kulturskule er opptatt av å tilby eit breitt spekter av tilbod og fag. Som følgje av interne omfordelingar av stillingsinnhald kan stillingane bli tillagt anna innhald tilpassa kompetansen til den som vert tilsett.
- Ulike prosjekt og konsertar undervegs i skuleåret
- Delta i utviklingsarbeidet i kulturskulen
Vi ber aktuelle søkjarar opplyse kva stillingsdelar dei søker på.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3 års høgare utdanning i eit eller fleire relevante kulturskulefag, alternativt minimum 4 års lærarutdanning med musikk i fagkrinsen.
- Pedagogisk kompetanse som kvalifiserer for tilsetting i grunnskulen vil vere ein fordel, men ikkje eit absolutt krav.
- Dokumentert og omfattande realkompetanse kan heilt eller delvis erstatte formelle utdanningskrav.
- Brei og variert kompetanse frå fleire kulturfag kan telle positivt ved tilsetting.
- Tilleggskompetanse/erfaring på område der kulturskulen pr. i dag manglar kompetanse kan telle positivt ved tilsetting. Eksempel på dette er m.a. digital musikkproduksjon, lyd/lys, teater, musikkterapi m.m.
- Erfaring frå arbeid med born/unge
- Grunnleggjande digital kompetanse
- For tilsetting i Fjord Kulturskule krev vi politiattest av nyare dato.
- Tilgang til bil og gyldig førarkort for minimum kl.B vil vere ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Du set elevane si læring og trivsel i sentrum
- Personlege eigenskapar i møte med barn og unge vil bli sterkt vektlagt.
- Fjord kulturskule disponerer eigne lokaler i Martin Linge-huset i Valldal sentrum. Den som vert tilsett er forventa å delta i profesjonsfellesskapet i kulturskulen. Frammøtestad er kulturskulen sine lokaler i Valldal.
- Arbeids- og undervisningsspråk i kommunen er norsk. Den som vert tilsett må kunne kommunisere munnleg og skriftleg på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
- Du er positiv og har evne til å motivere og engasjere
- Du er sjølvstendig, strukturert og fleksibel i høve arbeidsoppgåver
- Du kommuniserer og samarbeider godt med små og store
Personlege eigenskapar, relevant erfaring og referansar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit utviklande og fagleg sterkt fellesskap i kulturskulekollegiet.
- Fjord Kulturskule ynskjer å legge til rette for familivennlege arbeidstider. Noko arbeid på kveld/sein ettermiddag må likevel påreknast.
- Spanande samarbeidsprosjekt med interne og eksterne samarbeidsparter.
- Stort ansvar – og stor fridom.
- Gode muligheiter for personleg og fagleg utvikling
- Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket i KS.
- Særs gode pensjonsordningar og medlemsfordelar gjennom KLP.
- Gode og attraktive oppvekst- og buforhold.
Kontaktinformasjon
Tron Otto Berg, Kulturskulerektor, +47 99098057Arbeidsstad
Skulebrauta 486210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 4985669667
Stillingsprosent: 40, 13%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 30.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Tron Otto Berg
Kulturskulerektor
+47 99098057
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1071f1d4-e656-4fdc-873a-43acce7aefed
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f99198cad34d46c09ac6a97220eaac52