Bli vår nye psykologspesialist!
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus
Sjukehusvegen 15, 5451 Valen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. juli
Har du lyst å arbeide med vaksenpsykiatri i eit godt og fagleg utviklande miljø? Da er dette ein stilling for deg. Ein stilling som har varierte oppgåver og arbeider tverrfagleg.
Valen sjukehus er ein tradisjonsrik instutisjon - sidan 1910, og har heile tida framstått moderne i si samtid med hensyn på humanistisk tilnærming og når det gjeld å ta i bruk nye behandlingsformer.
Er du ein som set pris på eit trygt og godt arbeidsmiljø, og har interesse for fagutvikling og forsking? Då kan Valen sjukehus vere rett stad for deg.
Vi har 4 døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit Fact sikkerhetsteam.
Faggruppa i behandlingseiningane omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, Lis.lege, sosionom, psykiatriske sjukepleiarar, aktivitør og miljøpersonell.
Avdeling Valen sjukehus har ledig 100% stilling for psykologspesialist.
Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her og sjå filmen om oss: https://www.youtube.com/watch?v=vbD5255slcE
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing og testing
- Behandling og oppfølging av innlagte pasientar
- Kunne vere vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern (om ikkje, vil ein legge til rette for vidareutdanning og tileigning av nødvendig kompetanse)
- Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
- Rettleie psykologar i spesialisering
- Rettleiing av studentar og anna helsepesonell
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Psykologspesialist (klinisk voksen)/evt psykolog
- Erfaring i å vurdere pasientar i høve Lov om Psykisk helsevern/tvunge psykisk helsevern er ein fordel
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er engasjert og oppteken av god pasientbehandling
- har høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
- er tålmodig og har evne til å knytte relasjonar
- har gode samarbeidsevner
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
Kvifor skal du velje oss?
Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og kompetanseutvikling for den enkelte tilsette. Som psykologspesialist tilsett i Helse Fonna har ein eit fast kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Valen sjukehus ligg i vakker vestlandsnatur med fjell, fjord og fonn i nærleiken.
Dersom dine fritidsinteresser rettar seg meir mot det kulturelle, har kommunen eit aktivt kulturtilbod. Rosendal med baroniet ligg 30 minuttar unna med bil. Regionssenteret Husnes med kino, kjøpesenter og skule -og idrettsenter er ein 10 minutt kjøretur unna. Kommunen er også kjent som ein ein aktiv festivalkommune.
Kontaktinformasjon
Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, 53466407Arbeidsstad
Sjukehusvegen 155451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4972582132
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 06.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Marianne Lund Anderssen
Avdelingsleiar
53466407
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1053f9ad-ac55-4244-a38c-4a60aab0669b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3fdd98ffe8114345b79e1c425e9eabed