Ledig lærarstilling ved Tonstad skule
Sirdal kommune Enhet skule
Tonstadveien 28, 4440 Tonstad
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærarstilling ved Tonstad skule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. juni
Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad, medan Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge grunnskulane er kombinerte skular med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring, inkludering og læringsmiljø. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulane har god vaksentettleik.
Tonstad skule har flotte og moderne fasilitetar til undervising, både ute og inne, som du kan nytta for å gjera undervisinga di best mogleg. Lærarane har gode arbeidstilhøve, og du får mange gode og engasjerte arbeidskollegaer, og ikkje minst flotte elevar.
Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen.
KvalifikasjonarVi søkjer lærar til grunnskulen som oppfyller krav om tilsetting og undervisingskompetanse i opplæringslov og forskrift. Det er særleg behov for lærar med undervisingskompetanse på ungdomstrinnet. Fleire fag kan vera aktuelle som t.d. engelsk, norsk og naturfag.
Vi treng deg som har erfaring og gode dugleiker som kontaktlærar på ungdomstrinnet.
Skulen ønskjer alle godkjente lærarar som søkjarar, og den som blir tilsett må dekka fagbehovet som skulen har. Opplæringsmålet er nynorsk og søkjarane må meistra norsk, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskaparVi søkjer etter deg som er oppteken av relasjonsbygging, både til elevar, føresette og kollegaer, og som vektlegg å vera ein trygg og tydeleg vaksenperson. Vi treng ein lærar som er ein tydeleg klasseleiar som evner å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Vi søkjer deg som er engasjert, motivert og som viser evne til å tilpassa deg ulike elevar sine behov. Er du ein lærar som tek initiativ, er positiv og utviklingsorientert, er det alltid plass til deg.
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting.
For stillinga gjeld:Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen. Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune.
Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal.Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.
Spørsmål om utlysinga kan rettast til:
rektor ved Tonstad skule Petter M. Røssland, tlf. 971 62 627,
Søknadsfrist: 12. juni 2026Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
104b67ab-6334-4e7a-a511-3f25d2c88de0
- Sist endret
28. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3630147_204613_nn