Autohuset Sogn søker ny heiltidstilsett til vår verkstedavdeling!
Autohuset Sogn AS
granden 23, 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Mekaniker
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Autohuset Sogn er eit komplett bilhus med sal av bruktbilar, bilpleie, moderne verkstad og eiga motorsykkelavdeling -- alt samla under eitt tak i Sogndal sentrum. Som medlem av Mekonomen-kjeda tilbyr me eit breitt spekter av tenester for alle kundar, uansett bilmerke.
Me er stolte over å vere ein solid aktør i bilbransjen i Sogn, med årleg omsetnad på over 100 millionar kroner. No søkjer me ein dyktig og engasjert mekanikar som vil vere med å utvikle Autohuset vidare.
Kven er du?Du har teknisk innsikt og trivst med å finne gode løysingar. Du er kvalitetsbevist, har sans for nøyaktig arbeid, og ønskjer å bidra til at kundane våre får trygge og driftssikre køyretøy.
Kvifor jobbe hjå oss?Me tilbyr ein trygg og variert arbeidsplass der du får jobbe med alle typar bilar. Alt frå slitne kvardagsheltar til eksklusive sportsbilar.
Dine arbeidsoppgåver:-
Service og reparasjon av bilar -- både el, hybrid og fossildrivne
-
Feilsøking og diagnosearbeid
-
Montering og utskifting av komponentar
-
Arbeid på motorsyklar ved behov (opplæring vert gitt om nødvendig)
-
Fagbrev som bilmekanikar (lette køyretøy) -- relevant erfaring kan kompansere
-
Erfaring frå bilverkstad
-
Førarkort klasse B
-
Du arbeider strukturert, sjølvstendig og har god samarbeidsevne
-
Interesse for bilfaget og utviklinga i bransjen
-
PKK-godkjenning (ein fordel, men ikkje eit krav)
-
Fast stilling i eit framtidsretta bilhus med høge ambisjonar
-
Varierte arbeidsdagar i eit triveleg og kompetent fagmiljø
-
Moderne lokale og godt utstyrt verkstad
-
Gode lønsbetingelsar, moglegheit for bonus
-
Moglegheit for fagleg utvikling og kurs gjennom kjedens kompetansesenter
Autohuset Sogn vart etablert i 2022. Me held til i Sogndal og har heile bilopplevinga samla på ein stad: bruktbilutsal, eige bilpleiesenter, autorisert bilverkstad og motorsykkelavdeling. Me har sterk lokal forankring og eit godt rykte -- og me er i stadig utvikling. Hjå oss vert du del av eit engasjert team som brenn for gode kundeopplevingar og kvalitet i arbeidet.
Om bedriften
Autohuset Sogn vart etablert i 2022. Me held til i Sogndal og har heile bilopplevinga samla på ein stad: bruktbilutsal, eige bilpleiesenter, autorisert bilverkstad og motorsykkelavdeling. Me har sterk lokal forankring og eit godt rykte -- og me er i stadig utvikling. Hjå oss vert du del av eit engasjert team som brenn for gode kundeopplevingar og kvalitet i arbeidet.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0fd50bb9-7dfc-4a9d-be75-d46dc39f9845
- Hentet fra
FINN
- Referanse
421263846