Kvalitetsleiar
Lab. medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Kvalitetsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du ein bioingeniør med interesse for medisinsk biokjemi, kvalitetsarbeid og klar for nye utfordringar?
Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), får du jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø. LMBB er organisert som ei avdeling med seksjonar på sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid.
Stillinga som kvalitetsleiar er organisert i stab til avdelingssjef. Avdelinga har i dag eit godt kvalitetsstyringssystem og tilhøyrande kompetanse, og arbeida for å kunne søkje akkreditering for våre laboratorietenester. Den som blir tilsett får ansvar for å samordne kvalitetsstyringsystemet i Helse Førde, i samarbeid med kvalitetsansvarlege og fagansvarleg. Hovudarbeidsplassen vil vere ved Førde sentralsjukehus, og det må påreknast noko reiseverksemd til dei andre seksjonane.
🌟 Her får du:
- Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og kvalitet
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 55 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon
🌍 Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiske rett utanfor døra
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna
🎉 Sosialt miljø:
Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar? Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga - og bli ein del av vårt team!
Startdato etter avtale. Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Sjå video for å bli kjent med oss på LMBB Førde
Arbeidsoppgåver
- Leie kvalitetsarbeidet i avdelinga
- Har ansvar for kvalitetsutvikling og kontinuerleg forbetring i avdelinga i samarbeid med avdelingssjef, seksjonsleiarar og fagbioingeniørar.
- Har ansvar for drift og vedlikehald av kvalitetssystemet
- Sikre at kvalitetsystemkrav blir oppfylt
- Planlegge, gjennomføre og følgje opp revisjonar
- Opplæring og undervisning
- Delta i rutinearbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør
- Erfaring innan medisinsk biokjemi er ein fordel
- Erfaring frå kvalitetsarbeid, sertifisering, akkreditering og/eller revisjon er ein fordel
- Gode IT-kunnskaper
- God evne til å uttrykke seg på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Interesse for kontinuerleg forbetringsarbeid
- Fagleg engasjert, interessert og målretta
- Må trivast i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæringsprogram for nytilsette
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
- Arbeid i IA-bedrift
- Sjukehuset kan bidra med å skaffe bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Robin-Andre Sørland, Avdelingssjef, (+47) 918 25 148Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4990132985
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.07.2025
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0fcf152a-2710-4f41-9ccd-b845f6bd3f16
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dfb640d42a9c43db8df05e10c821dfc0