Etne kommune søker helsefagarbeidar i 100% fast stilling
Etne kommune Miljøarbeidstenesta
Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Likar du å vera kreativ og er opptatt av at alle har rett på god livskvalitet, så har me ein spanande jobb for deg.
Etne kommune, eining helse, har ledig fast stilling som helsefagarbeidar i miljøarbeidstenesta.
Stillinga er ei fast 100% stilling med langvakter kvar 4. helg. Stillinga har for det meste lagvakter og aftenvakter i vekedagane.
Tenesta er for innbyggarar med særskilde behov som t.d. utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm. Tenesta er lokalisert i eit forholdsvis nytt bygg med 5 bustader og to avlastningsbustad knytt til personalbase. Me gir og tenester til andre personar som bur rundt i bygda. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år. Tenesta har ca. 6,5 årsverk fordelt på vernepleiarar, pedagog og sjukepleiar og ca. 16 årsverk fagarbeidarkompetanse. Me har fokus på godt arbeidsmiljø, god kvalitet på tenestene, fagleg og personleg utvikling.
Arbeidsoppgåver:
- Tilretteleggja for god livskvalitet og sikre brukermedverknad
- Jobba aktivt i eit utfordrande og spanande fagmiljø. Gi helsehjelp og yte omsorg
- Dokumentasjon
- Samarbeid med brukerar , pårørande og anna personale
- Legemiddelhandtering
- Ha medansvar for eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
- Helsefagarbeidar, anna relevant kompetanse/erfaring kan verta vurdert.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Tidlegare erfaring frå miljøarbeid vil bli føretrekt.
Eigenskapar:
- Du ser løysingar, tar utfordringar og likar å vera på ein arbeidsplass som er i endring.
- Du har eit positivt syn på livet.
- Har god fagleg innsikt og tryggleik.
- Du klarar å ta avgjersle i ein hektisk kvardag og likar å jobba sjølvstendig.
- Har gode evner til samarbeid, koordinering, delegering og kommunikasjon.
- Du er fleksibel og har stor arbeidskapasitet.
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing.
Annan informasjon
- Du må ha førarkort kl B.
- Den som vert tilsett må visa godkjent politiattest.
- Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie- og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2285615
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3135351_214835_nn