Arbeidsveiledar til vår produksjonsavdeling i Kviteseid
Kvito AS
Dalanvegen 4, 3850 Kviteseid, Kviteseid
Om jobben
- Stillingstittel
- Veileder attføringsbedrift
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Engasjement, deltid 40%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Send søknad til
Vi søker etter ein allsidig person som både er praktisk og kan bistå våre tilrettelagte tilsette på ulike områder med tilrettelegging av arbeidskvardagen. Stillingsbenevnelsen er arbeidsveiledar og storleiken på stillinga er i utgangspunktet 40%.
Stillinga er tenkt knytt til oppfølging av ein person med 1-1 oppfølging. Det vil bli rullering, men den som får jobben vil bli hovudansvarleg for oppfølginga.
Vi ser etter eit omstillingsdyktig menneskje med erfaring frå arbeid med personar med nedsatt arbeidsevne, gjerne innan tilrettelagt arbeid eller relatert område. Det er viktig at du trivst med fysisk arbeid og likar å jobbe utandørs om det er behov for dette. Fagbrev innanfor ulike yrkesfag kan være ein fordel då vi jobbar med kvalifisering og kompetanseheving av blant anna ungdom.
Målgruppa for tilrettelagt arbeid er personar med nedsatt arbeidsevne av ulike grunnar og vi skal tilby eit tilpassa arbeid for ALLE.
Kvito sin visjon er "Arbeidsglede" og vårt verdi-grunnlag er tillit, toleranse og tryggleik.
Før tilsetting må det kunne framleggas politiattest.
Hovudoppgåver Kvito as tilbyr menneske med ulike behov ein tilrettelagt arbeidsplass. Stillinga har som hovudansvar å tilrettelegge arbeidsoppgåver for våre tilrettelagt tilsette i bedrifta, slik at dei opplever utvikling og meistring. I dette ligg at du har ansvar for utforming av arbeidsdagen slik at våre tilrettelagt tilsette kan utføre arbeidsoppgåvene. Tilretteleggar har også ansvar for å sørge for eit godt arbeidsmiljø og kvalitet i tenestene. KvalifikasjonskravPraktiske ferdigheiter/erfaring vil vektleggast
Gode samarbeidsevner
Evne og erfaring med å arbeide med ei variert gruppe av menneskjer med ulike behov og ferdigheits nivå
Krav til sertifikat klasse B
Ønskeleg med sertifikat klasse T og truckførarbevis.
Stor fordel med kjennskap til digitale samhandlingsverktøy.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyrEin krevjande, men spannande og meiningsfull jobb.
Inkluderande arbeidsmiljø
Gode påverkingsmoglegheiter
God pensjonsordning
Lønn etter avtale
Gode moglegheiter for kompetanseheving og etterutdanning
Arbeidsstad: Kviteseid.
Vi gjer merksam på at det er krav om politiattest ved tilsetting. Denne skal ikkje leggast ved søknaden.Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Søknadsfrist 12 nov. 2025.
Stillinga er ledig fom 01 des, men kan også bli aktuelt med oppstart tidligare om ønskeleg. Stillinga vil kunne bli fast og den vil også kunne bli auka til 80-100%.
Søknad med CV sender du til dagleg leiar Torbjørn Blichfeldt Dyrland på e-post: torbjorn.dyrland@kvito.no
Ynskjer du meir informasjon om stillinga kan du ringe dagleg leiar
på tlf: 93261670
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om oss
Kvito As er den største arbeids- og inkluderingsbedrifta i Vest-Telemark. Vi bygger på lang erfaring frå dei tidlegare bedriftene Vinje Vekst, Vito Kompetanse og Kviteseid Arbeidssamvirke, som i 2012 fusjonerte og blei til Kvito AS. Vi har avdelingar i Vinje, Kviteseid, Tokke, Nissedal og Fyresdal.
Frå 01 januar 2023 blei vi også ein del av Kopano som er ei landsdekkjande kjede av leiande arbeids og inkluderings bedrifter i Noreg.
Gjennom våre ulike tiltak ynskjer vi å vera ei bru til arbeidslivet, i nært samarbeid med den enkelte jobbsøkjar, NAV og næringslivet.
Sektor
Privat
Nettsted
Facebook
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0fa8a2d9-d208-4d66-b5a4-b0a1bd916956
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0fa8a2d9-d208-4d66-b5a4-b0a1bd916956
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Skoleutvikling og folkehelse, Telemark Fylkeskommune
Sted
Skien
Arbeidsgiver
Oppvekst administrasjon, Skien kommune
Sted
Skien
Helsesykepleier
Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune Helsesysterteneste
Sted
Kviteseid