Har du lyst å jobbe med barn i eit godt arbeidsmiljø?
Vindafjord kommune Skjold barnehage
Vikanesvegen 18, 5574 Skjold
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidar i 100% fast stilling i Skjold barnehage frå 01.12.23 med muligheter for oppstart før. Andre med relevant utdanning eller erfaring kan også søkje.
Hovudarbeidsoppgåver:- Viktig delansvar ved å gi eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna.
- Vere ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen
- Likar å vere ute og vere ein god rollemodell
- Observasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe.
- Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar.
- Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet.
- Halde deg fagleg oppdatert.
- Vere med å utvikle språket til barna igjennom muntleg deltaking og samspel
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider er ynskjeleg.
- Andre med relevant kompetanse og erfaring kan også søkje, og vil bli vurdert.
- Personen må vera skikka til å jobbe i ein av våre barnehagar, difor vil det verta lagt vekt på korleis søkjarane er eigna
- Det krevs godkjent politiattest ved tilsetjing.
- Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
- Må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
- Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kolleger.
- Personlege eigenskaper vert vektlagt.
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2440175
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3231593_228567_nn