Fjell sjukeheim
Øygarden kommune Fjell sjukeheim
Blombakkane, 5353 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
70% fast sjukepleiar i langvaktsturnus
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ønskjer du nye utfordringar?
Om avdelinga:
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.
Somatisk avdeling har ulike pasientgrupper; korttidspasientar, avlastnings-/vurderingspasientar og langtidspasientar – alle med ulike behov for behandling og oppfølging. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som sjukepleiar får brukt din kompetanse! Vi ønskjer sjukepleiarar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføringar av tiltak.
Vi ønskjer å jobbe slik at alle pasientar får ein heilheitleg teneste med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Blodprøvetaking og andre undersøkingar tas på avdelinga og sjukepleiarane kan jobbe saman for å ta gode vurderingar ut ifrå desse.
For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av fløyer og mellom faggrupper finn stad. Våre sjukepleiarar må være eit viktig ledd i dette arbeidet.
Vi arbeider kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen. Vi organiserer sjukepleiarane i sjukepleiarteam.
Kven er du?- Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag
- Løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre
- Strukturert, nøye og effektiv
- Engasjert
- Ein som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet
- Evner å jobbe sjølvstendig
- Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
- Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Blodprøvetaking og anna medisinsk utstyr
- Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studentar
- Administrasjon – tiltaksplanar, prosederer, rapportering m.m.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø der alle er like viktige
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Langvaktsturnus
- Gratis parkering i parkeringshus
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Kontakt: Einigsleiar: Eivind Flem Tlf 40 61 13 84 Avd.leiar: Anita L Kausland Tlf 481 98 372Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2780925
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3422753_192563_nn