Allsidig og spennande stilling som sjukepleiar - kombistilling
Medisinsk sengepost 2 og Medisinsk poliklinikk, Helse Førde
svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - kombistilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Medisinsk poliklinikk og Medisinsk sengepost 2 har ledig fast kombistilling som sjukepleiar. Stillinga vil bli delt mellom einingane: 50% på poliklinikk og 50% på sengepost.
Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Vi kan også love at du vil bli omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.
Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan fagområda kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeidar tett med kring 25 legar, hovudsakleg frå medisinsk avdeling, men også frå kirurgisk avdeling, barneavdelinga og andre.
I tillegg til polikliniske konsultasjonar vert det gjort mange undersøkingar av inneliggande pasientar.
For denne stillinga vil det primært vere innanfor lungefeltet, der ein blant anna utfører lungefunksjonstestar, assisterar ved bronkoskopiar og har ein del oppfølgings- og opplæringsarbeid . Det vil vere ein fordel med erfaring innan fagfeltet og med poliklinisk arbeid.
Medisinsk sengepost 1 og 2 har totalt 32 senger og har eit tett samarbeid. Hovudfagfelta innan medisin 2 er mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing. Hovudfagfelta innan medisin 1 er nyre, endokrinologi og hjartesjukdommar. Elles har vi mykje andre generelle indremedisinske problemstillingar.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar i kombistilling, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager.
Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta.
Vi brukar DIPS som journalsystem og ein vil bruke dette mykje i det daglege. På sengepost brukar ein elektronisk kurve i MEONA.
Kvalifikasjonar
Søkjar må vere autorisert sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Avdelinga set fokus på auka kompetanse og det er mogleg å legge til rette for vidareutdanning innan våre hovudfagfelt. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid eller poliklinikk frå tidlegare, men ikkje påkrevd.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.
Vi tilbyr
Medisinsk sengepost og poliklinikk tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt.
Arbeid på sengeposten er i 3-delt turnus og vi tilbyr langvakter på helg om det er eit ønske.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Line-Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar Medisinsk poliklinikk, (+47) 910 08 356Inghild Espeland Mowatt, Seksjonsleiar Medisinsk sengepost 2, (+47) 578 39 304
Arbeidssted
svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4982061176
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2025
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0f822b34-ee78-4071-a895-e4785510f5f1
- Hentet fra
talentech
- Referanse
57bab889c8394033b2cd12fcc955a38f