Ledig stilling som diakon
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
Kyrkjevegen 23F, 6809 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Ledig stilling som diakon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Sunnfjord kommune med sin vakre og storslåtte natur har eit samla folketal på rundt 22.000 med Førde som eit naturleg kommune- og regionsenter. Sunnfjordkyrkja har 40 tilsette, 34 av desse er tilsett i kyrkjeleg fellesråd medan Bjørgvin bispedøme har arbeidsgjevaransvar for 6 prestar. Det er god oppslutning om dei kyrkjelege tilboda, i 2024 var over 55 000 menneske innnom kyrkjene i Sunnfjord. I kommunen er det 6 sokn, med Førde sokn som det største soknet. Diakonen skal ha hovudverksemda si knytt opp til Gaular sokn, men og vere ein diakonal ressurs for dei andre sokna, i samarbeid med både frivillige og andre tilsette.
I det diakonale arbeidet i Gaular har besøk til eldre og sjuke, oppfølging etter dødsfall, og elles tiltak som er med å styrkje fellesskapet for personar i ulike aldrar, vore dei viktigaste oppgåvene.
Hovudadministrasjonen til fellesrådet har kontor i Førde. Her blir du del av eit sosialt og fagleg fellesskap med ca 15 tilsette, mellom anna prestar, diakon og kyrkjelydspedagogar.
Arbeidsoppgåver
- Arrangere aktivitetar for ulike aldersgrupper
- Tverrfagleg samarbeid om konfirmantar og andre trusopplæringstiltak
- Sorgarbeid og enkelte gravferder
- Særskilt ansvar for oppfølging av uløna medarbeidarar
- Oppgåver på nokre gudstenester
- Administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
- Master i diakoni
- Søkjarar med anna relevant kompetanse vil også bli vurdert
- God kjennskap til Den norske kyrkja
- Erfaring med frivillig arbeid
Personlege eigenskapar
- Du evnar å skape tillit, er god på å kommunisere og er ein god relasjonsbyggar
- Du har vilje og evne til samarbeid i staben, med frivillige og andre samarbeidspartnarar
- Du er engasjert og ynskjer å bidra til å vidareutvikle det diakonale arbeidet
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Løn og arbeidsvilkår etter tariffavtale knytt til Hovudorganisasjonen KA
- Pensjonsordning gjennom KLP
- Samarbeid og fellesskap i stor stab med mange dyktige medarbeidarar
- Høve til å påverke og forme eigen arbeidskvardag
Andre krav og opplysningar
- Du må vere medlem i Den norske kyrkja
- Godkjent politiattest må kunne framleggjast av den som vert tilsett
- Oppstart snarast
Kontaktinformasjon
Sissel Vartdal, Kyrkjeverje, 48991257, sissel.vartdal@sunnfjordkyrkja.noFrode Skeide, Sokneprest, 95100916, frode.skeide@sunnfjordkyrkja.no
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 23F6809 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sunnfjord kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4995411875
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0f591960-c17e-40b4-8bb5-915df2b5b9b3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b6f8944bf77e4ee88b3e1c76b9899f65