Har du lyst å bli rå på blodtapping?
Immunologi og transfusjonsmedisin, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tapping av blodgivere
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 27. mai
Helsesekretær eller helsefagarbeider? Vi treng deg i blodbanken!
Blodbanken vår er ein viktig del av sjukehuset – og no ser vi etter deg som vil bli med i laget vårt. Her jobbar vi tett på både blodgivarar og pasientar, og du får ei variert arbeidskvardag der både prøvetaking og pasientkontakt står i sentrum.
Hos oss blir du ein del av ei triveleg og samansveisa gruppe, som støttar kvarandre og har det kjekt på jobb. Vi har base i det nye sjukehusbygget i Haugesund, med moderne fasilitetar og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Kanskje har du erfaring frå blodprøvetaking frå før – eller kanskje er du nysgjerrig på faget og har lyst til å lære meir. Det viktigaste for oss er at du er trygg i møte med menneske, liker å samarbeide og trivst i eit aktivt miljø der dagane går fort.
- Her finn du ei akkreditert avdeling med høg fagleg standard og moderne utstyr – vi jobbar etter krav frå NS-EN ISO 15189.
- Stillinga går i turnus med helgearbeid, og du vil også ta blodprøver av inneliggande pasientar.
👉 Kjenner du at dette kan passe for deg? Send inn ein søknad no!
Det blir kalt inn til intervju fortløpande.
Kva går jobben ut på?
Dette er noko av det du vil å jobbe med hos oss:
- Ta imot og tappe blodgivarar
- Ha samtalar med blodgivarane og vurdere om dei kan gi blod
- Sette opp og administrere timar for blodgiving
- Svare på telefon og hjelpe blodgivarar med spørsmål
- Ta blodprøver pasientar
- Gjere merkantile oppgåver
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon helsefagarbeider eller helsesekretær er ein føresetnad
- Erfaring frå tapping/prøvetaking er ein fordel, men ikkje nødvendig.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg på høgt nivå
- Personlig egnethet vektleggast
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er ansvarsbevisst, nøyaktig og til å stole på
- trivst med å jobbe med folk og har god tone med andre
- liker å samarbeide og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- har høg arbeidsmoral og tar oppgåvene dine på alvor
- taklar hektiske dagar med godt humør
- liker å ta blodprøver
Desse fordelane får du hos oss:
- Du blir ein del av eit trygt og inkluderande fellesskap der vi har det kjekt på jobb.
- Arbeidskvardagen er variert – her er ingen dagar heilt like.
- Bra pensjon og forsikringar som dekker deg både på jobb og reise.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Anita Larsen, Funksjonsleder, +47 98662597, anita.larsen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4969030006
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943714
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0bcb4a05cf00488798577f56307bac83