Faste helgestillingar (Student, fagarbeidar, assistent)
Avdeling Post 1 Nord, Bømlo bu- og helsesenter
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Helgestillingar (Student, fagarbeidar, assistent)
Oppstart
14. august 2023
Type ansettelse
Fast, deltid 17.61%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
9
Post1-Nord på Bømlo bu- og helsesenter har frå medio august 2023 fleire ledige faste helgestillingar.
Avdelinga har 34 langtidsplasser og har mål om å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver som både er varierte, spennande og utfordrande.
Me søkjer etter deg som ynskjer å bidra til at våre pasientar får ein god kvardag og som bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet.
Følgjande stillingar er ledige:
- 5 Stillingar med langvakter kvar 4.helg lørdag/søndag (17,61 % stilling)
- 4 Stillingar med arbeid kvar 3 helg lørdag/søndag (13,73 % stilling)
Skriv i søknaden kva stilling du søkjer på og eventuelt om det er aktuelt med begge stillingsstørrelsane.
Det kan i tilsetjingsperioden bli fleire ledige helgestillingar.
Arbeidsoppgåver
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje eit krav, men ynskjeleg at du har eller er under helsefagleg utdanning
- Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid
- Du må beherske norsk både munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig
- Du er engasjert og fleksibel
- Du er løysingsorientert
- Du har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner.
- Du har evne til etisk refleksjon iht.tenesteområdet og eigen praksis
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Kontaktinformasjon
Leif Christian Mæland Andersen, Avdelingssjukepleier, 908 93 242, leif.christian.andersen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4668803436
Stillingsprosent: 17,61, 13,73%
Fast
Startdato: 14.08.2023
Søknadsfrist: 09.06.2023
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2351757
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2d4772c160524650a9d59ad8d273df78