Kommunikasjonsrådgjevar ved Det juridiske fakultet
Universitetet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar ved Det juridiske fakultet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillingen:
Vil du vere med og formidle juridisk forsking og utdanning? Er du analytisk og samfunnsengasjert? Veit du korleis du skal nytte ulike plattformar for å nå ulike målgrupper?
Søk ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar ved Det juridiske fakultet.
Stillinga høyrer til ved den sentrale Kommunikasjonsavdelinga ved UiB, men den som blir tilsett vil ha eit særskilt ansvar for Det juridiske fakultet. Her vil ein arbeide i et team med andre nøkkelpersonar, som alle har ulik spisskompetanse innan formidling og kommunikasjon. Ein vil bidra i det strategiske og operative kommunikasjonsarbeidet ved fakultetet, med særleg vekt på synleggjering av forsking og utdanning.
Vi ser etter deg som har entusiasme og forståing for forsking og utdanning, og som kan formidle kompliserte saker på ein måte som er engasjerande for andre. Du er nysgjerrig, ein god relasjonsbyggar, og har lett for å sette deg inn i nye fagområde. Den rette kandidaten har teft for dei gode nyheitssakene, og god innsikt i korleis ein kan nå ut i media.
Vi ønsker ein kollega som er kreativ og som har eit friskt blikk på korleis kunnskapsinstitusjonar som Universitetet i Bergen kan kommunisere med ulike målgrupper.
Kommunikasjonsavdelinga har rundt 35 tilsette, der delar av staben har sin daglege arbeidsplass på dei ulike fakulteta.
Noko reiseaktivitet og arbeid på kveld/helg bør påreknast.
Arbeidsoppgåver:
- Formidling av forsking og utdanning ved Det juridiske fakultet
- Kommunikasjonsfagleg rådgjeving til fakultetets forskarar og leiarar
- Produsere digitalt innhald som tekst, video, bilde og stories
- Mediekontakt og innsal til redaksjonar
- Planlegging og utføring av kampanjar for studentrekruttering
- Utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar for prosjekt og arrangement
- Støtte leiinga i intern- og eksternkommunikasjon
- Handtere andre oppgåver ved behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanning på minimum bachelornivå innan relevante fagområde, fortrinnsvis journalistikk eller kommunikasjonsfag
- Minimum tre års relevant arbeidserfaring
- Dokumentert kompetanse innan digital kommunikasjon
- God forståing for korleis tilpasse innhald til relevante målgrupper
- Stødig skriftleg framstillingsevne (nynorsk, bokmål og engelsk)
- Teft for dei gode mediesakene
- Ein god lagspelar og relasjonsbyggar
- Strukturert og sjølvgåande
I tillegg er det eit stort pluss om du har:
- Evne og interesse for å sette deg inn dei juridiske fagområda og jussutdanninga ved UiB
- God samfunnsforståing
- Erfaring med forskingsformidling
- Erfaring med prosjektarbeid
- Eit analytisk blikk på eksisterande og komande sosiale medium
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi kan tilby:
- Ein spennande jobbkvardag i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
- Varierte oppgåver, sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for utvikling
- Hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Rom for kreativt arbeid
- Stilling som rådgjevar (kode 1434) i årsløn kr. 624 500 – 657 300 brutto etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- Lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid
- Gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Gruppeleiar for fakultetskontakt, Ida Bergstrøm: 95801423, ida.bergstrom@uib.no.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta i veke 2, og vi planlegg å gjennomføre førstegangsintervju i veke 3.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Velkommen som søkjar!
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka ”Søk stillinga”.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.
Sektor
Offentlig