Faste stillingar som helsefagarbeidar i Helse – og omsorg!
Vågå Kommune Helse Og Omsorgssektoren
Vågå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 50-99%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Vågå kommune har frå 01.01.25 samla Heimetenesta og sjukeheimsinstitusjonen Vågåheimen til eit felles tenesteområde, Helse- og omsorg. Dagens Heimeteneste organiserar heimesjukepleietilbod, heildøgns omsorgsbustadar og dagtilbod for personar med demens. På Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter.
Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette.
Vi har fylgjande ledige stillingar frå dags dato:- 3 x 100% fast stilling som helsefagarbeidar for tida ved Vågåheimen på dag og kveld (stillingsprosenten kan etter avtale liggje mellom 50-100%)
- 2 x 100% fast stilling som helsefagarbeidar for tida ved Heimetenesta på dag og kveld (stillingsprosenten kan etter avtale liggje mellom 50- 100%)
Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus.
Tenesteområdet har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Desse 4 har tilhaldsstad ved Vågåheimen.
Arbeidsoppgåver:
-
Ordinære oppgåver ut frå profesjon som helsefagarbeidar
-
Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
-
Samarbeid med pårørande og andre
-
Dokumentasjon
-
Autorisasjon som helsefagarbeidar
-
Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt
-
Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
-
God fagleg innsikt og tryggheit
-
Søkaren lyt ha førarkort klasse B.
Eigenskapane dine:
-
Fagleg engasjert
-
Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
-
Kreativ og endringsorientert/-viljug
-
Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
-
Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar til det beste for fellesskapet
-
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
Fleksibel og lojal
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:-
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
-
Arbeid i tverrfagleg team
-
Kompetanseheving og fagleg utvikling
-
Eit godt fagmiljø, dyktige og rutinerte kollegaer
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Venlegast informer i søknaden om du kva for stillingar du eventuelt søkjer på.
Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar. Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er. SøknadSøknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 18.05.2025 Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:Avdelingsleiar Vågåheimen, Mariann Rosten: mariann.rosten@vaga.kommune.no , tlf 482 20 683
Avdelingsleiar Heimetenesta, Pia K. Søberg: pia.soberg@vaga.kommune.no , tlf 461 96 741
eller
Tenesteleiar Helse- og omsorg, Hanne Stokke Moen: hanne.stokke.moen@vaga.kommune.no ,
tlf 948 65 287
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om bedriften
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2918675
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0ef80918-b891-4b77-9616-5de8cee08ac0