Hopp til innhold

Seniorkonsulent ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Sydnesplassen 1, 5007 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent) ved LLE
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Om stillinga

Likar du å arbeide med menneske? Ønsker du å vere med å bidra til å legge til rette for ein god studiekvardag for studentane og ein god arbeidsdag for dei som underviser? Er du opptatt av utdanning, danning og dei humanistiske fagas relevans for samfunnet? 

Om desse beskrivingane passar for deg, håpar vi du vil søke på vikariatet vi har ledig ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) i 100 % stilling som seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent). Det er ønskeleg med oppstart så raskt som mogleg. Vikariatet har varigheit ut august 2027 med moglegheit for forlenging.

LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap, digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 80 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar og 17 personar knytte til administrasjonen. Studiegruppa består av åtte tilsette med studieleiar som koordinator. Administrasjonssjef er personalansvarleg.  


Arbeidsoppgåver:

Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudområda: 

  • planlegging og avvikling av eksamen og undervisning 
  • kontakt med fagmiljøet og særleg fagkoordinatorar  
  • rettleiing, mottaking og oppfølging av studentar 
  • studieplanarbeid 
  • oppfølging av utdanningsplanar og masterkontraktar 
  • kontakt med interne og eksterne sensorar  
  • sekretær for programstyre 
  • informasjons- og rekrutteringsarbeid 
  • ymse sakshandsaming 
  • rutineutvikling og deltaking i fagleg-administrative nettverk 
  • bemanning av fakultetets informasjonssenter

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet. 

Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver enn dei som i utgangspunktet ligg til stillinga. 


Kvalifikasjonar:

Personlege eigenskapar:
I stillinga må du ha:  

  • Motivasjon og interesse knytt til oppgåvene som ligg til stillinga og til samfunnsoppdraget sektoren har.
  • Evne til å vere nøyaktig og merksam på detaljar. 
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, initiativ, fleksibilitet og sørvisinnstilling. 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.  
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress.  

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli tungt vektlagt i vurderinga av kandidatar. 

Stillinga krev at du har:
  • Det er krav om mastergrad. Lang og relevant praksis kan i særskilte tilfelle delvis kompensere for manglande formell utdanning.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk.

Det er ein føremon om du også har:

  • Interesse for - og erfaring frå instituttets fagtilbod.
  • Kunnskap om - og kjennskap til UH-sektoren generelt og arbeidsoppgåvene spesielt. 
  • Arbeidserfaring frå tilsvarande stilling, sørvisyrke og/eller med offentleg forvalting.

Hos oss får du:

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving. 
  • Ei stor kontaktflate i organisasjonen.  
  • Erfarne kollegaer som deler kunnskap.  
  • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med fleksitid og gode velferdsordningar.
  • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen - nær både byliv og natur.  
  • Løn som seniorkonsulent (stillingskode 1363) med ei brutto årsløn på 615 000,- til 645 000,- avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.  
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Svar på spørsmåla som blir stilte og følg så stega i søknadsprosessen. Legg inn følgjande: 

  • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga.
  • Under «CV», oppgi: 
    • Personalia. 
    • Erfaringar og kvalifikasjonar. 
    • Språkferdigheiter, først og fremst i bokmål, nynorsk og engelsk. 
    • Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna. 
  • Under «Vedlegg» skal følgjande lastast opp som separate dokument:
    • Karakterutskrift og vitnemål lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, last dei opp som vanlege filer. 
    • Relevante attestar som dokumenterer dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. 

Søknadstekst og CV må vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må bli lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til studieleiar Signe Nilssen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 88 23, e-post signe.nilssen@uib.no.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. 

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.  


Kontaktperson for stillingen

Signe Nilssen

Rådgiver, studieleder

+4755588823

signe.nilssen@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0ed6d1a0-4a5e-4d43-9389-9be9952e8800

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10306412

Lignende annonser

Laster lignende annonser