Sekretær ved DPS Ålesund poliklinikk
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergveien 20, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sekretær ved DPS Ålesund poliklinikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. mai
Poliklinikken har nyleg innført eit nytt journalsystem, og vi har auka vårt tilbod til pasientane i poliklinikken med å starte eit Tidleg avklaringsteam. Poliklinikken består av tilsaman sju team. Eit Gruppebehandlingsteam, eit ROP team, eit Tidleg Avklaringsteam og fire spissa allmennteam, som Traumeteam og Nevropsykiatrisk team.
I ekspedisjonen er det seks merkantile som jobbar tett og veksler på oppgaver.
Poliklinikken har i dag 6 merkantile stillingar og eit godt og samarbeidande arbeidsmiljø i ekspedisjonen. Oppgåvene rullerast mellom dei tilsette, men enkelte oppgåver spissast til enkelte merkantile. Oppgåvene er varierte og strekkjer seg frå kundebehandling i luke og telefon, til å sette opp timar, tett samarbeid med klinikarar og handtering av tilvisingar i lag med inntaksteamet.
Vi søker no deg som har lyst å vere med å utvikle deg sjølv i lag med oss for å skape eit stadig betre tilbod for pasientane.
Arbeidsoppgåver
- Diverse arbeid i datasystem, ventelister, timebestilling og liknande
- Ekspedering i skranke og telefon/sentralbord
- Elektronisk handtering av tilvisingar
- Utsending av brev, timeinnkalling og liknande
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
- Utdanning som helsesekretær/sekretær
- Erfaring frå helsefagleg ekspedisjonsarbeid/eller arbeid som sekretær
- Gode datakunnskapar, kjennskap til systema til sjukehuset er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er serviceinnstilt, høfleg og imøtekommande overfor kollegaer og pasientar
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Opplæring vil bli gitt
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland herKontaktinformasjon
Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, Havard.Helgesen@helse-mr.noArbeidssted
Geilebergveien 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4965269630
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2940991
- Hentet fra
talentech
- Referanse
642044987db640c4b57b08e8b7c8f2fd