Byggdriftar/vaktmeister, 100% fast stilling
Gulen kommune
Dalsbygda 68, 5960 Dalsøyra
Om jobben
- Stillingstittel
- Eigedomsforvaltning. Tilsetjing 100% fast stilling byggdriftar/vaktmeister frå snarast/etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. november
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som byggdriftar/vaktmeister, med oppstart snarast/etter avtale. Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me har 22,6 årsverk som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp, samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta.
Stillinga har oppmøtestad ved Dalsøyra skule, men heile kommunen kan vere arbeidsområde gjennom dagen. Me ser etter ein dyktig byggdrifter/vaktmeister som trivast med fysiske arbeidsoppgåver, samt samarbeidar godt i lag med fleire, er løysingsorientert i oppgåvehandtering, pliktoppfyllande og som vert motivert av å jobbe med driftsoppgåve med eit samfunnsnyttig føremål. Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god kvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Drift- og vedlikehaldsoppgåver i hovudsak på kommunale bygg og uteområde
- Driftsoppgåver på andre fagområder på eininga kan vere aktuelt å delta på
- Utføre eigne vedlikehaldsoppgåver, samt ha dialog med eksterne firma
- Internkontrollar og avviksrapportering/utbetringar
- Bruke driftssystem som SD-anlegg og FDV-system
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innanfor relevant fagområde (byggdriftar, røyrleggar, tømrar, elektro, mekanisk, anleggsgartnar o.l.)
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Ynskjeleg med relevant arbeidserfaring frå arbeidslivet
- Har grunnleggande datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Krav om førarkort kl B
- Det vert stilt krav om gyldig politiattest av den som får tilbod om denne stillinga
Personlege eigenskapar
- Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Er strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
- Er løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt
- Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar
- Er initiativrik og likar å halda seg fagleg oppdatert
- Trivst med fysisk arbeid
- Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen
Kontaktperson for stillingen
Kristoffer Elvebakke
Einingsleiar eigedomsforvaltning
+4794156701
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0e871983-9c84-4755-ae35-34c427d36082
- Sist endret
21. oktober 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10313442