Tannlege
IDI - Bremnes tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Svortlandsvegen 117, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
 - Tannlege
 - Oppstart
 - 2. januar 2026
 - Type ansettelse
 - Vikariat, heltid 100%
 - Arbeidsspråk
 - Norsk
 - Antall stillinger
 - 1
 - Arbeidssted
 - Hjemmekontor ikke mulig
 
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Vestland tannhelseteneste, Sør-Aust tannhelseområde har ledig vikariat i 100% stilling som tannlege frå 02.01.26. Tenestestad er for tida ved Bremnes tannklinikk. Bremnes tannklinikk er ein klinikk for 3 tannleger og 2 tannpleiere. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgaver.
I øykommunen Bømlo er du aldri langt frå sjøen. Du kan oppleva vill og rå sjø, men også milevidt, blenkjande hav med Nordsjøen som næraste nabo. Kommunen er eit eldorado for fiskeinteresserte. Frå Siggjo (474 m.o.h.), den høgaste fjelltoppen, er det utsyn frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør, og dette populære turmålet har har vore og er eit kjent landemerke. 
Bømlo har også rikt kulturtilbod bl.a kulturhus, kino, teater og Moster amfi. 
Fakta
Folketal: 12 301 pr. 2 kvartal 2024
Flateinnhald: 247 km2. Siggjo - høgaste fjelltopp 474 moh. Ca 1010 trappetrinn opp lagt av sherpaer i Laksatrappo, med fleire flotte rasteplassar. 
Landfast via Trekantsambandet – mellom 1 og 2 timar til flyplassar på Stord, Haugesund og Bergen (via hurtigbåt Rubbestadneset -Flesland)
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege. Oppgi HPR-nummer i søknad. Søkjaren må beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing.Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Likar å jobbe med menneske og set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til god arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar med pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personlig eigna til stillinga
Vi tilbyr
Vi tilbyr løn etter avtale med ei minsteløn på 650 000 + rekrutteringstillegg. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningarAdministrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på ei slik liste. Om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort
Kontaktinformasjon
Eli Karin Sveen, klinikkleiar (tannpleiar), 97169870Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332
Arbeidsstad
Svortlandsvegen 1175430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5020493701
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Eli Karin Sveen
klinikkleiar (tannpleiar)
97169870
Margareth Simonsen Råen
områdeleiar tannhelse
99021332
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
 0e83d896-0f11-4eea-9b37-d818de0db935
- Sist endret
 26. oktober 2025
- Hentet fra
 talentech
- Referanse
 cc752b566b2b4e9d9f3e51dc02256bae
Lignende annonser
Arbeidsgiver
IDI-TH - Søraust Tannhelseområde, Vestland fylkeskommune
Sted
Husnes
Arbeidsgiver
Ergo- og fysioterapitenesta
Sted
Bremnes
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Barn og familie
Sted
Husnes