Førstekonsulent - vikariat - Statens Barnehus
Vest politidistrikt
Allehelgens gate 4, 5016 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Førstekonsulent Statens Barnehus
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
I Vest politidistrikt ved Felles eining for førebygging, Statens Barnehus Bergen, er det ledig eit 1/2 års vikariat som førstekonsulent SKO 1408. Det er moglegheit for forlenging.
Statens Barnehus Bergen og avdeling Førde består for tida av 19 tilsette. Gjennom aktiv samhandling skal vi sørgja for tryggleik, god helse og rettstryggleik for overgrepsutsette barn og vaksne med utviklingshemming. Barnehusene har i 2024 fått utvida mandat og tilbodet skal inkludera unge mistenkte for seksuallovbrot. Vi er eit tverretatleg samarbeidstiltak som formidlar kunnskap innan feltet og fremjar samarbeid med andre instansar. Hos oss får du vere ein del av ein utfordrande og spennande arbeidsplass der kompetanse og evne til samarbeid og god kommunikasjon blir høgt verdsett.
Statens Barnehus er ein del av Felles eining for førebygging i Vest Politidistrikt. Det blir arbeidd på tvers av
alle fagmiljø i politiet som arbeider med utsette barn og unge, samt med relevante fagmiljø som jobbar
med overgrepsutsette barn og vaksne med utviklingshemming.
Stillinga har fast arbeidsstad i Bergen. Noko reising og arbeid ved Statens Barnehus Bergen si avdeling i Førde må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Planlegga og administrera tilrettelagtde avhøyr i samarbeide med koordinator i politiet
- Ansvarleg for videoopptak av avhør (lyd/bilde), samt koble opp og styre videokonferanser
- Teknisk bistand i den daglege drifta og innmelding av behov til Politiets IKT-teneste (PIT)
- Koordinere, innkalle og leggje til rette for møter
- Betene sentralbord og resepsjon - om naudsynt vere vikar i avdeling Førde for begrensa tidsrom
- Bidra i utviklinga av administrative system og digitalisering av saksgangen
- Merkantile oppgåver som ekspedisjon, journalføring, arkiv og handtering av post
- Forefallande arbeid knytt til drift av Barnehuset, herunder praktiske oppgåver som innkjøp og tilrettelegging rundt mottak av barn og samarbeidspartnere
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:- 3-årig vidaregåande skule eller fagbrev innan relevante fagfelt
- Relevant erfaring blir vektlagt og kan i særlege tilfeller erstatte kravet til utdanning
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- God IT- og systemkompetanse
Ønskeleg:
- God teknisk forståelse og digital kompetanse blir vektlagt
- Erfaring med handtering/bruk av audiovisuelt utstyr blir vektlagt
- Relevant kontorfagleg kunnskap og erfaring er ein fordel
- Kunnskap om arbeid innan politi, barnevern eller helse er ein fordel
Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida)
må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i gruppe
- Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
- Vere ein positiv bidragsytar til å skape trivsel og eit godt arbeidsmiljø
- Serviceinnstilt, fleksibel og initiativrik
- Ønskelig med erfaring i møter med barn og andre sårbare brukere
Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som
politiet forvalter - Stillinga blir lønna som førstekonsulent (stillingskode 1408), frå kr 470 100,- brutto per år .Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
- Gode arbeidsbetingelser (f.eks. fleksibel arbeidstid, sommertid, trening i arbeidstiden o.l.)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette."
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Ref. nr: 24/288599
Kontaktinformasjon
Anita Hopland, Teamleiar/fagleiar, 55556900, anita.hopland@politiet.noSeksjon for HR, Spørsmål om elektronisk CV/søknad, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 45016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4896578885
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 12.01.2025
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819394
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7d1f2ab802b24f2baeda95d955eff198