Er du på jakt etter ein spennande lærarjobb og kan tenkje deg å arbeide på Vikedal skule til hausten?
Vindafjord kommune Vikedal skule
Kyrkjevegen 7, 5583 Vikedal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. mai
Me søkjer deg som er oppteken av gje elevane ein innhaldsrik og meiningsfull skulekvardag. Vil du bidra til gjere born og unge robuste og la dei utvikle fagleg og sosial kompetanse i eit trygt læringsmiljø? Då vil me ha deg med i fellesskapet vårt!
Me treng kontaktlærar/faglærar i 160% fast stilling på ungdomstrinnet, fortrinnsvis med kompetanse i samfunnsfag og engelsk, men andre fag kan og vere aktuelle. Me har og eit ledig vikariat på 100% i 5.-10 klasse.
Kva får du jobba med hos oss?- Planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i tråd med læreplanverket.
- Tilpasse opplæringa for å møte elevane sine ulike behov og føresetnader.
- Skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø der elevane kan trivast og utvikle seg.
- Bidra til godt samarbeid med føresette gjennom dialog og informasjonsdeling.
- Vere ein aktiv del av eit profesjonelt læringsfellesskap med fokus på fagleg utvikling og deling av god praksis.
- Samarbeide med kollegaer for å sikre heilskap og samanheng i elevane si opplæring.
- Ein arbeidstad der elevane står i fokus og vi har stor tru på sosial læring og utvikling.
- Eit inkluderande og utviklingsorientert profesjonsfellesskap.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. For kontaktlærarar vil du få eit kontaktlærartillegg på kr. 27.000 til kr. 38.000, avhengig av antall elevar du er kontaktlærar for.
- Trekning av nyutdannabonus på kr. 25.000 for nyutdanna som startar hos oss hausten 2025. Les meir her.
- Relevant lærarutdanning. Utdanninga må vera fullført seinast når du tek til i stillinga.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
- Du må vera positiv og imøtekommande, både mot elevar og vaksne.
- Du er ein god klasseleiar og relasjonsbyggar.
- Du trivs i eit utviklingsorientert arbeidsmiljø og har eit positivt og løysingsorientert syn på utfordringar.
- Du har eit sterkt ønske om å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sosial læring for alle elevar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2925023
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3492463_228565_nn