Hopp til innhold

Er du vår nye helsefagarbeidarkollega?

Arbeidsgiver

Hemato/endo/infeksjon sengepost Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
12. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Har du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, energisk og varierande avdeling?

Då kan hemato/endo/infeksjon vere rette staden for deg og vi har for tida eit ledig vikariat i 100% stilling for deg som er helsefagarbeider.

Vi er ei medisinsk sengepost med 16 plassar og tre ulike fagfelt – her får du jobbe breitt og variert innan hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin. I løpet av 2027 gler vi oss til å flytte inn i splitter nye lokale. Då skal endo/infeksjon slå seg saman med gastro/nefro, medan hematologisk blir ei eiga avdeling.

Hos oss tek vi imot pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar innan indremedisin - særleg blodsjukdomar, diabetes, sår og spesielle infeksjonar som tuberkulose, hjernehinnebtennelse, betennelse på hjerteklaffar og visse tropesjukdommar.

Teamarbeid står i hjartet av alt vi gjer, og ulike yrkesgrupper jobbar tett saman for å levere topp kvalitet i pasientbehandlinga.

Med to fagsjukepleiarar, tillitsvald, verneombod, fasilitatorar og kollegastøtte har vi eit robust og kunnskapsrikt fagmiljø som stadig sikrar høg kvalitet i vårt arbeid.

Avdelinga vår er ein glimrande plass for både fagleg vekst og personleg utvikling, og du vil bli ein del av eit fellesskap som stolt har vunne pris for godt arbeidsmiljø fleire gonger.

👉 Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får lære nye ting å utfordre deg sjøl? Då må du søke hos oss!

Kva går jobben ut på?

  • Utredning, behandling og pleie av pasientar.
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr.
  • Gi god omsorg og oppfølging av pårørande.
  • Opplæring og veiledning av studentar og nytilsette.
  • Arbeid i tverrfaglege grupper.
  • Samarbeid med kommunar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert helsefagarbeidar.
  • Det er ein fordel om du har erfaring og/eller vidareutdanning innan kreftomsorg, infeksjon, diabetes, sårbehandling eller psykisk helsevern.
  • Må ha gode IKT-kunnskapar.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • kan arbeida godt både sjølvstendig og i team
  • tilpassar deg lett, er løysningsorientert og fleksibel
  • har god arbeidsmoral, ståpåvilje og er ansvarsbevisst
  • kommuniserar godt med pasienter, pårørende og kollegaer
  • har motivasjon og interesse for fagfelta
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har god vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Personlege eigenskaper vert vektlagd.

Kvifor velje oss

  • Som nytilsett får du et opplæringsprogram på minimun 2 uker slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt.
  • Årsturnus med rom for involvering og god forutsigbarhet.
  • Fire kursdager i turnus og jevnlige simuleringstreninger kvart år.
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel.
  • Forbetringsarbeid og rom for å ta eigarskap til ansvarsområder.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).

Dersom ønske om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden.

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Eilerås Bertelsen, Funksjonsleiar, 916 04 597, elisabeth.eileras.bertelsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5051554810
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 12.01.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 05.01.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0e56f80e-d4e3-4a01-981c-f3c9b611486f

Sist endret

6. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5d1969c0d86f4ee997dca46a99fe834b

Lignende annonser