Vikariat i Haldorvika Dagaktivitetssenter for personer med demenssjukdom
Osterøy kommune
Valestrandsfossen, 5281 Valestrandsfossen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat i Haldorvika Dagaktivitetssenter for personer med demenssjukdom
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Om stillinga
Sektor Helse, omsorg og sosial – Heimetenesta har ledig eit vikariat i 100 % stilling som helsefagarbeidar ved Aktivitetssenteret i Haldorvika, med arbeid kvar 4. helg i heimetenesta. Vikariatet gjeld for perioden 1.september 2025 (eller etter avtale) til 30. april 2026.
Om arbeidsstaden:
Aktivitetssenteret i Haldorvika er ei dagavdeling for heimebuande personar med demenssjukdom. Tilbodet er ope fire dagar i veka og omfattar mellom anna:
- Daglege aktiviteter
- Ein turdag retta mot yngre personar med demens
- Ein dag med oppsøkande verksemd i samarbeid med heimetenesta
Senteret held til på Valestrand og er eit viktig tilbod for brukarane. Det vert lagt stor vekt på miljøarbeid, ADL-trening og sosialt fellesskap som fremjar meistring og livskvalitet.
Heimetenesta yter teneste til heimebuande i alle aldrer som har rett til helsehjelp. Døme på helsehjelp kan vera hjelp til stell, mattillaging, legemiddelutdeling og liknande.
Arbeidsoppgåver
- daglig drift av aktivitetssenter
- inngå i samarbeid rundt brukarane
- ansvar for dokumentasjon i henhold til lover og forskrifter
- utarbeide og vedlikeholde tiltaksplaner i samarbeid med øvrig personale/primærkontakter
- veilede brukere, pårørende og kolleger
Me tilbyr
- Eit meiningsfullt arbeid i eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø
- Godt samarbeid med Osterøy Demensforening og frivillige
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå arbeid med personar med demens er ønskjeleg
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Førarkort klasse B
- Søkjarar utanfor skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B1 test i norsk.
Kven er du?
Me søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar med interesse for miljøarbeid og aktivitetar som fremjar helse og trivsel hos personar med demens.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.
Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0e45f2f6-8117-4a29-a804-f2e66e67aa64
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258265