Hopp til innhold

Fløgstad skule søkjer medarbeider i vikariat

Arbeidsgiver

Sauda kommune Fløgstad skule

Sted

Rådhusgata 32, 4200 Sauda

Om jobben

Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 23. juni

Har du eit brennande engasjement for elevane si læring og trivsel? Vil du vera med å byggje eit sterkt fagmiljø der relasjonar, meistring og utvikling står i sentrum? Då vil me gjerne høyre frå deg.Fløgstad skule har ledig eit 80% vikariat som lærar frå 01.08.2026-31.07.2027. Me søkjer ein engasjert og motiverande lærar som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre. 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag på ulike trinn
  • Skape gode læringsopplevingar gjennom tydeleg klasseleiing og tilpassa opplæring
  • Delta aktivt i utvikling av skulen sitt profeksjonsfellesskap
  • Samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule
  • Gjerne kompetanse i eitt eller fleire av faga norsk, matematikk eller engelsk
  • Gode digitale ferdigheiter (me nyttar læringsbrett)
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Me søkjer etter deg som

  • Byggjer gode relasjoner til elevar
  • Skapar trygge og inkluderande klassemiljø
  • Har tru på alle elevar sitt læringspotensial
  • Motiverer og inspirerer
  • Likar å samarbeide og dele erfaringar
  • Brukar teknologi som ein naturleg del av undervisninga

Personlege dugleikar vil bli vektlagt. 

Me kan tilby

Ein spanande og variert jobb i gode profesjonelle læringsfellesskap
Pensjonsordning i SPK
Gode forsikringsordningar 

Tilsettingsvilkår

Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune oppfordrar alle kvalifiserte kandidater til å søkja stillinga, uavhengig av kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Søknad sendes

Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.

Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dersom du ber om unntak frå offentleggjering i søknaden, og ønsket ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli informert, jf. Offentlegheitslova §25.

Velkommen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ellen Tveit

Rektor, Fløgstad Skule

+47 92869593

ellen.tangeraas@sauda.kommune.no

Om bedriften

Sauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4600 innbyggarar. Historisk er Sauda mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men me har nå eit variert og innhaldsrikt næringsliv. Sauda er ein kompakt småby med nærleik til "alt". Me har jobbmogligheiter, tomter, servicefunksjonar, gode skular, rikeleg med barnehageplassar og er omgjeven av fantastisk natur.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0e2b980c-55fe-4aae-8326-b6a838285361

Sist endret

10. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3636375_200791_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser