Kommunalsjef oppvekst og utdanning
Skjåk kommune søkjer kommunalsjef for tenesteområdet oppvekst og utdanning. Kommunalsjefen har ansvar for tenestene som pr. i dag gjeld skule, vaksenopplæring, barnehage, flyktningteneste, bibliotek, servicetorg og IT.
Oppgåver
- Overordna fagleg ansvar for tenesteområdet
- Sikre driftsbalanse og økonomisk handlingsrom innan området gjennom god økonomistyring og drift
- Utvikling og implementering av strategiar for å sikre høg kvalitet på tenestene
- Fremje og gjennomføre endringsprosessar som vil forbetre kommunen si tenesteleveranse
- Strategisk leiing med fokus på samspel som bidreg til utvikling og innovasjon for å møte utfordringar i framtida
- Følgje opp politiske vedtak
- Leggje til rette for strategisk kompetanseutvikling og rekruttering
- Ivareta regionalt samarbeid
- Byggje tillit, godt omdømme og sterk organisasjonskultur gjennom respekt og gode prosessar, inkludert tilrettelegging for partssamarbeid og involvering
- Leggje til rette for og vere ein pådrivar for auka samarbeid på tvers av tenester
Kvalifikasjonar
- Høgskule/universitetsutdanning innan relevante fagområde
- Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå større og komplekse organisasjonar
- Erfaring med omstillings- og utviklingsarbeid
- Kunnskap om dei ulike tenestene i oppvekst og utdanning
- Meistre samspelet mellom politikk og administrasjon
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God økonomiforståing
Personlege eigenskapar
- Du er lyttande, målretta, strukturert og utviklingsorientert
- Du er god på kommunikasjon og medverkar til eit godt og effektivt samarbeid innan kommunen og overfor eksterne aktørar
- Du har stor arbeidskapasitet og er ein aktiv initiativtakar med stor gjennomføringskraft
- Du er innovativ med eit stort engasjement som påverkar dine medarbeidarar i ei positiv retning
- Du taklar press frå ulike interessegrupper og er trygg i mediehandtering
- Du arbeider strategisk
Skjåk kommune kan tilby
- Ein spennande jobb i ein utviklingsorientert organisasjon
- Pensjonsordning
- Fleksibel arbeidstidsordning
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunedirektør Ivar Bø 918 17 696.
Søknadsfrist 29. april 2024
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.