Kontrollingeniør til utbyggingsprosjekt i Rogaland og Sunnhordland
Statens vegvesen
Vabakkjen 7, 5404 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Kontrollingeniør til utbyggingsprosjekt i Rogaland og Sunnhordland
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Seksjonen Plan og utbygging vest 2 høyrer til divisjon Drift og Vedlikehold og har ansvar for planlegging og bygging av ulike mindre investerings- og utbetringsprosjekt på riksvegnettet. Seksjonen har i dag 14 kjekke medarbeidarar fordelt på kontorstadene Haugesund, Stavanger og Stord. Me ynskjer no å styrke oss med ein kontrollingeniør. Dette fordi me ser at det framover kjem til å koma mange nye prosjekt på riksvegnettet i Rogaland og Sunnhordland. Det me bygger er i hovudsak nye gang- og sykkelvegar, trafikksikerheitstiltak og vegutviding på E134, E39 og Rv. 13.
I seksjonen har me behov for å ein kontrollingeniør til våre samferdselsprosjekt. Me søkjer etter deg som har utdanning og erfaring innanfor anlegg. Me tilbyr eit godt fagmiljø, og du vil få opplæring og oppfølging frå kollegaer. Seksjonen har i dag 15 medarbeidarar fordelt på kontorstadane Haugesund, Stavanger og Stord.
Arbeidsoppgåver vil blant anna vera:
- Utføra kontroll og oppfølging av entreprenør/ kontraktsarbeid med fokus på teknisk kvalitet, SHA, mengdekontroll og måloppnåing
- Delta i byggemøte
- Planlegging og oppfølging av andre relevante byggherreoppgåver
- Oppfølging av arbeid på SVV sin grunn utført av andre
- Hjelpa byggeleiar med kontraktsoppfølging
Kvardagen vil bli ei blanding av kontorarbeid, synfaring og kontroll. Du vil få moglegheit til å jobba i fleire ulike prosjektteam.
Kontorstad vil vera Stord eller Haugesund. Stavanger kan også vurderast, men me føreset då at søkjar er svært mobil og fleksibel med tanke på reiseavstandar til anlegg.
Kompetansekrav
Det er ynskjeleg med relevant utdanning frå universitet, høgskule eller teknisk fagskule, minimum to år. Langvarig, relevant erfaring kan kompansera for manglande formell utdanning. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
Du må ha førarkort klasse B. Det må reknast med ein del reiseverksemd, og me føreset at du er mobil og fleksibel med tanke på arbeidstid og reiser.
Me ser etter deg som har interesse for å ta vare på og utbetra den vegen me har i dag, trafikksikkerheit og framfor alt kvalitet i utføring og dokumentasjon. Samstundes er det viktig at du kan sjå praktiske løysingar og ha god dialog internt så vel som med eksterne. Du må også har god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk. Andre administrative oppgåver kan og vil komma i tillegg. Det er viktig at du som person er fleksibel, samarbeidsvillig og engasjert.Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Les dette før du søker!
Fyll inn søknadsskjemaet nøyaktig!På grunn av krava til utvida søkarlister må felta for utdanning og erfaring fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg å kun legge ved CV. Legg også ved relevante vitnemål og attestar.
Positiv særbehandlingStatens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at vi blir betre på å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CVen, så om du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen, oppfordrar vi deg til å gjere det. Får du jobben, vil vi naturligvis legge til rette for deg om du treng det. Avkryssingane vert kun brukt til å syte for at vi vel ut dei rette kandidatane, i tillegg til anonymisert statistikk. Les dette før du krysser av
Søkarlista er offentligOpenheit og gjennomsiktigheit i forvaltninga er viktig, difor vil alle som søker hjå oss bli sette på den offentlege søkarlista om dei ikkje oppgir ein god grunnfor fritak. Har du bedt om å ikkje bli sett på lista, tek vi kontakt med deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Har du spørsmål om stillinga?Kontakt seksjonsleiar Irene Hegre, e-post irene.hegre@vegvesen.no eller mobil 97976295.
Vi tilbyrSom tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtida sine løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med våre nye utfordringar.
Vi tilbyr deg også desse godene:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
- gode høve for fagleg påfyll
Løna di vert avtalt i samsvar med vår lønnspolitikk.
Om bedriften
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
Sektor
Offentlig
Nettsted