Bærekraft og lønsam forretning
Voss Energi
Brynalii 66, 5705 Voss
Om jobben
Stillingstittel
Konsernsjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vår noverande konsernsjef skal pensjonera seg, og vi søkjer no hans etterfølgjar.
Voss Energi er eit velfungerande konsern med ambisjonar om vidare vekst. Konsernet sin visjon er å vera lokal drivkraft for berekraftig utvikling. Rolla krev sterk kommersiell orientering og solid leiarerfaring. Bakgrunn frå verksemd med fokus på produksjon, endringsprosessar, forretningsutvikling og investeringar vil vektleggjast. Bransjekompetanse og bransjeerfaring vil vere ein føremon.
Ansvar og oppgåver
Som konsernsjef vil du saman med styret leia den vidare utviklinga av Voss Energi. Konsernsjefen har det overordna ansvaret for selskapet si drift og utvikling, og vil ha ansvar for å realisera strategien til konsernet. Du vil samarbeida tett med leiargruppa og styret for å sikra berekraftig vekst og lønsemd. Viktige oppgåver for konsernsjefen vil vera kontinuerleg utvikling og vurdering av mål og strategiar, samtidig som ein er tett på organisasjonen og har god kommunikasjon med styret. Konsernsjefen skal vera synleg, og innta ei rolle som stadfestar Voss Energi sin posisjon som samfunnsaktør.
Eksempel på oppgåver:• Implementering av styret sine føringar og selskapet sin langsiktige strategi i tråd med berekraftige prinsipp og miljømål
• Vidareutvikling og leiing av leiargruppa
• Sikre effektiv drift og optimal ressursutnytting, med kontinuerleg fokus på organisasjonen
• Byggja og oppretthalda relasjonar med myndigheiter, regulerande organ og andre interessentar
• Sikre at selskapet vert drive i samsvar med relevante lover og reguleringar
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Den vi søkjerhar høgare utdanning (gjerne innan tekniske fag/elkraft) og relevant leiarerfaring.
Kunnskap om kraftforsyning og erfaring frå beredskapsarbeid er ein føresetnad , og god teknologisk forståing vil vere ein føremon. Som konsernsjef er det viktig å ha eit heilskapleg og strategisk blikk, god arbeidskapasitet og sterk gjennomføringsevne. Me ser difor etter ein målmedviten leiar med ein tydeleg og inspirerande leiarstil som vil jobbe etter våre verdiar; berekraftig, kompetent og effektiv.
Søkjarar må evne å kombinere kommersiell teft, økonomisk forståing og strategisk tenking med operativ handling. For å lykkast i rolla må du være utprega analytisk, men samtidig ha gode sosiale eigenskapar og ha lett for å bygge relasjonar. Konsernsjefen vil representere konsernet utad, og skal være ein god rollemodell. Kandidatar må difor framstå fagleg trygge, strukturerte og løysingsorienterte.
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er ein føresetnad.
Me tilbyr ei spanande og utviklande stilling med utfordrande oppgåver i eit stabilt miljø. Voss Energi med dotterselskap er ein organisasjon med stort potensial, der konsernsjefen vil vere sentral i vidare utvikling og vekst.
Spørsmål om stillingakan rettast til Mercuri Urval ved Gro Reinertsen, tlf 975 59 036 eller Ole Petter Bratteberg, tlf. 975 59 036.
Alle førespurnadar vert handsama fortruleg.
Om bedriften
Voss Energi AS er eigd av Voss herad og har sitt hovudkontor på Voss. Me driv med produksjon, distribusjon og omsetnad av elektrisk kraft og varme, samt levering av fiber- og breibandstenester. Konsernet omfattar morselskapet Voss Energi AS og dotterselskapa Tendranett AS, Voss Energi Kraft AS, Voss Energi Produksjon AS, Voss Fiber AS og Hordaland Bioenergi AS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0e048bbd-284b-45ee-b3da-67c4793c4a8a
- Hentet fra
FINN
- Referanse
432525109
Lignende annonser
Operations Manager
Arbeidsgiver
Outdoor Norway As
Sted
Voss
Fagansvarlig KHMS
Arbeidsgiver
Norway's best AS
Sted
Voss, Flåm, Bergen
Fagansvarlig KHMS
Arbeidsgiver
Norway`s best
Sted
Voss