Seljord Folkehøgskule søkjer vaktmeister frå 1. mai 2026.
Seljord Folkehøgskule
Jakob Naadlandsveg 33, 3840 Seljord
Om jobben
Seljord Folkehøgskule søkjer ein vaktmeister som trivst i eit kreativt miljø og har gode evner til kommunikasjon og samarbeid med kollegaer og elevar.
- Stillingstittel
- Vaktmester
- Oppstart
- 1. mai 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. januar
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi søkjer deg som· Har fagbrev eller realkompetanse innan relevante fagområde
· Har god digital kompetanse
· Har gyldig førarkort klasse B (BE og/eller D1 er ein fordel)
· Har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
· Likar å omgåast ungdom, har gode samarbeidsevner og godt humør i ein hektisk kvardag
· Har stor arbeidskapasitet, er strukturert, løysingsorientert og fleksibel
· Har gode kommunikasjonsevner
· Evne til å bygge gode relasjonar med ungdom og vaksne
· Godt humør og romsleg menneskesyn
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Nærmare opplysningar: kontakt Seljord Folkehøgskule på tlf. 350 58 040.
Søknad med CV sendast elektronisk til kontor@seljord.fhs.no innan 15. januar 2026.
Les meir om skulen på www.seljord.fhs.no.
Arbeidsoppgaver
Skulen har ein omfattande bygningsmasse med seks internatbygg, tre undervisningsbygg, fellesareal, to einebustader og eit stort uteområde. Vi oppgraderer og vedlikehald skulen fortløpande, og no søkjer vi ein vaktmeister som vil bidra til å halde standarden høg. Du blir ein aktiv del av drifta og er med på å gjere skulen til ein endå betre stad å vere for alle.
Om sommaren er skulen mykje brukt som overnattingsstad for større og mindre arrangement. Som vaktmeister vil du òg vere med på ulike arbeidsoppgåver i sommarhalvåret.
Likar du at det skjer mykje forskjellig? Då er dette arbeidsplassen for deg!
Sentrale arbeidsoppgåver· Tilsyn, drift og vedlikehald av bygg, uteareal, tekniske anlegg, avfallshandtering og bilpark
· Forfallande vedlikehald av utstyr og inventar
· Brannvernleiar med ansvar for opplæring og oppfølging
· Utgreiing og oppfølging av kort- og langsiktige bygge- og vedlikehaldsprosjekt, inkl. anbod og rapportering
· Avvikshandtering i tråd med HMS og internkontroll
· Vekentlege møte for å gjennomgå status for drifta
· Vere synleg og delta i skulekvardagen og bidra til eit godt miljø
Vi tilbyr
Vi tilbyr· Ei sjølvstendig og utfordrande stilling
· Varierte og interessante arbeidsoppgåver
· Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
· Løn etter avtale
· Medlemskap i Statens pensjonskasse
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Seljord Folkehøgskule tilbyr linjer innan friluftsliv, idrett, handverk, musikkteater og musiske fag. Skulen har om lag 80 elevar med ein gjennomsnittsalder på 19 år.
Om sommaren er skulen mykje brukt som overnattingsstad for større og mindre arrangement.
Les meir om oss på www.seljord.fhs.no.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0d85f008-9010-45f0-9651-7192dbcfb44f
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0d85f008-9010-45f0-9651-7192dbcfb44f
Lignende annonser
Kommunalsjef (teknisk sektor)
Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune Anleggstenesta Drift/vedlikehald Etc
Sted
Kviteseid
Deltidsstillinger/vikarer - høsten 2025
Arbeidsgiver
Notodden kommune Haugmotun omsorgssenter
Sted
Notodden
Sykepleier ved hjemmetjenesten
Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune Heimebaserte Tenester
Sted
Kviteseid, Telemark