Tilkallingsvikar i barnehage
Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund indre og nordre
Nedreskodjevegen 12, 6260 Skodje
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar i barnehage
Type ansettelse
Engasjement, deltid 0%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. desember
Barnehagane i denne verksemda er Valle, Prestemarka, Skodje, Stette, Årøyhaugen og Harøy
Du som vikar kan velje å arbeide mot ein eller fleire barnehagar etter avtale. Kandidatar vil bli vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til at det enkelte barn får medverke, oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med det enkelte barn
- Delta i daglege rutinar og følgje opp barna på ein positiv måte
- Samarbeide med det øvrige personalet i barnehagen
- Bidra i gjennomføring av det pedagogiske arbeidet på avdelinga/basen, innanfor dei rammene ein har blitt einige om
- Følgje opp den rettleiinga ein har fått
- Ansvar for å sette seg inn i og følgje barnehagen sine HMS-prosedyrar
Kvalifikasjonar
- Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi – og tuberkulinattest
- Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Søkarar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må avleggje ei norskprøve og ha oppnådd nivå A2 på delprøva i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.
- Nivå A2 og B1 skal tilsvare nivå i Det felles europeiske rammeverket for språk jf. barnehagelova §18 a.
- Relevant utdanning og/eller erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Personleg eignaheit blir vektlagt
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:- Har eit ønske om å arbeide med barn.
- Har god omsorgsevne og evne til å sjå og lytte til barna sine behov
- Har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
- Trives i ein aktiv kvardag
- Er glad i å vere ute
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Givende arbeid i gode fag-og arbeidsmiljø.
- Mulighet til å prøve å arbeide i ulike barnehager.
- Tilgang til kurs og kompetansehevende tiltak.
- Lønn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Janne Aamelfot, Verksemdsleiar, +47 958 75 569Arbeidsstad
Nedreskodjevegen 126260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4817609983
Stillingsprosent: 0%
Engasjement
Kontaktperson for stillingen
Janne Aamelfot
Verksemdsleiar
+47 958 75 569
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2659669
- Hentet fra
talentech
- Referanse
00122fd62f3c4a5d98e48490f7211af6