Assistent/Fagarbeidar
SFO på Felle og Fjone, Nissedal kommune
Solås 2, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assistent/Fagarbeidar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. I tillegg til disse to skulane er det det skulefritidsordning (SFO) båe på Felle og Fjone. Skulefritidsordninga (SFO) ved Felle og Fjone er organisert under rektor ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule. Skulane og SFO i Nissedal kommune er opptekne av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og allsidig kunnskap. Skulane jobbar målretta for å førebygge mobbing, og førebu elevane til vegen vidare med studie og arbeid, og er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane og SFO med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær.
Ved skulefritidsordninga (SFO) på Felle og Fjone er det ledig fast 50% stilling som assistent/fagarbeidar på kvar stad, med oppstart frå 1.august 2025.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver:- Oppgåvene handlar om å følgje opp elevane som har plass ved SFO, også elevar med spesielle behov, både fagleg og praktisk før og etter skuledagen.
- Assistent/fagarbeidar må jobbe tett saman med føresette til det beste for elevane.
- Fjone SFO har eit tilbod kvar morgon i vekedagane kl. 7.15 – 8.00. På ettermiddagen er det tilbod om SFO kl. 15.15 - 16.45 måndag, tysdag,torsdag og fredag. Onsdagar er det eit tilbod kl. 13.15-16.45.
- Felle SFO har eit tilbod kvar morgon kl. 07.00 – 07.50. På ettermiddagen er det tilbod om SFO måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 15.00 -16.30. På ettermiddagen onsdag er det eit tilbod kl. 13.15 – 16.30.
Kvalifikasjonar
Krav til den tilsette:
- Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ein kan også vurdere anna relevant fagkompetanse og realkompetanse.
- Erfaring frå arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
Vi vil vektlegge:
- Relasjonskompetanse, gruppeleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga.
- Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Dette vil bli vektlagt i ein tilsettingsprosess.
Vi tilbyr
Vi kan tilby:
- Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
- Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
- Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25
Kontaktinformasjon
Marius Vøllestad, Rektor, +47 35048482Arbeidsstad
Solås 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4940645942
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 02.04.2025
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2892720
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fa49f23df61d4c408609e369b217b330