Vil du leie prosessen med å utarbeide ein regional plan for Vestland?
NPI - Plan, klima og analyse, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Sogndal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar/rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. mars
Er du interessert i samfunnsutvikling og har kompetanse innenfor planarbeid? Vestland fylkeskommune skal utarbeide to nye, tverrsektorielle regionale planar, ein for areal og mobilitet, og ein for verdiskaping og kompetanse. Vi ser etter ein kunnskapsrik og engasjert prosjektleiar til å drive fram arbeidet på ein av planane på ein inkluderande og innovativ måte, i samarbeid med eit internt team og med innspel frå kommunar og andre aktørar. Gode samarbeidsevner og engasjement for berekraftig samfunnsutvikling er føresetnader for å lukkast i stillinga.
Vestland fylkeskommune er sentral samarbeidspart og pådrivar for utvikling i regionen innan berekraft, klima, næring, samferdsel, kultur og folkehelse med meir. Viktige arbeidsoppgåve for deg vil vere å leie og koordinere interne planbehov og interesser i fylkeskommunen, som skal nedfelles i dei nye planane. Du vil også ha ei viktig rolle med å legge til rette for godt samspill mellom mellom fylkeskommunen og kommunane, og dei statlege organa. Som prosjektleiar, vil du vere del av eit stort og kompetent fagmiljø, med mange treffpunkt både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Avdeling for næring, plan og innovasjon, har i overkant av 100 medarbeidarar. Du vil vere del av seksjon for plan, klima og analyse. Vi held til i nye og attraktive lokale i Vestlandshuset sentralt i Bergen sentrum og i fylkeshuset på Leikanger.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og drive fram arbeidet med ein regional plan som prosjektleiar.
- Koordinere og balansere innspel frå interne og eksterne aktørar.
- Støtte og vere samarbeidspartnar til prosjektleiar i tilsvarande stilling.
- Delta i regionale plan- og utviklingsoppgåver etter ferdigstilling av regional plan.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha:
- Prosess- eller prosjektleiarerfaring.
- Mastergrad til dømes innan samfunns- eller arealplanlegging, geografi eller arkitektur. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet, men vil påverke kva for stillingsnemning du får.
- Erfaring frå arbeid med planlegging på lokalt eller regionalt nivå.
- Kunnskap om plan- og bygningslova.
Det er ein fordel med:
- Erfaring frå offentleg forvaltning.
- Kompetanse innan samfunns- og arealplanlegging.
Personlege eigenskapar
- Interesse for regional og berekraftig utvikling.
- Evne til å arbeide selvstendig og i team.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Evne til innovasjon og bruk av nye metodar og verktøy.
Vi tilbyr
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Fleksibel arbeidstid.
- Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø.
- Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø i moderne og aktivitetsbaserte lokaler. Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
- Kontorstaden er på Vestlandshuset i Bergen eller på fylkeshuset i Leikanger.
Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune
Kontaktinformasjon
May Britt Hernes, Seksjonsleiar plan, klima og analyse, 41688169 , May-Britt.Nesje.Hernes@vlfk.noLiz Eva Tøllefsen, Fagansvarleg regional plan, liz.eva.tollefsen@vlfk.no
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4922411437
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2881553
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5d5b7e58cda94ff9b00d375eebf55141