Rådgivar (jurist)
Forskings- og utviklingsavdelinga, Helse Bergen
Jonas Lies vei 68, 5053 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar (jurist)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Ved Forsking og innovasjon (FoI) er det ledig ei fast 100% stilling som rådgivar (jurist). FoI arbeider for å styrke forskings- og innovasjonsaktiviteten både i Helse Bergen og i dei andre helseføretaka i Helse Vest. Avdelinga er eit bindeledd mot forskingsmiljøa i universitets- og høgskulesektoren, og har viktige roller i regionale og nasjonale nettverk for forsking og innovasjon. I avdelinga er det eit spennande tverrfagleg fagmiljø med høgt kompetente medarbeidarar.
Ei sentral oppgåve for avdelinga er å støtte forskingsmiljøa og sjukehusleiinga med avtaleinngåing i kliniske studiar og ved utprøving av medisinsk utstyr. Stillinga inngår i eit team som mellom anna gir støtte til å utarbeide kontrakter for alle kliniske studiar og til forskings- og innovasjonsprosjekt med næringsliv, andre helseinstitusjonar, universitet og høgskular. Helse Bergen er òg ein aktiv partnar i NorCRIN-nettverket som jobbar med nasjonale prosedyrar og avtalemalar.
Vi har fått auka ansvar for oppfølging av forsking i heile Helse Vest, og ser no etter ein ny medarbeidar med interesse for forskings- og innovasjonsaktivitetar i sjukehus. Som del av eit team på seks personar vil du får høve til å jobbe tverrfagleg og med eit vidt spekter av oppgåver ved avdelinga. Arbeidet vil vere sjølvstendig og prega av fagleg utfordrande oppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Juridisk rådgiving, særskild knytt til avtale- og kontraktsarbeid i samband med forskings og innovasjonsprosjekt
- Koordinere, følge opp og forvalte denne saksporteføljen
- Oppgåver knytt til regelverk kring forsking og innovasjon
- Oppgåver knytt til forskingsetikk, personvern og rutiner for forsking
- Delta og bidra i nasjonale og internasjonale forskingsstøttenettverk
- Utgreiingsarbeid, saksførebuing og oppfølging av saker innan avdelinga sitt ansvarsområde, derunder høyringar og tilsynssaker
- Ved behov kunne utføre andre oppgåver som ligg til Forsking og innovasjon
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i rettsvitskap
- Kompetanse og erfaring frå offentleg saksbehandling er ønskeleg
- Kjennskap til utforming av kontrakter innan forsking og innovasjon er ønskeleg, derunder samarbeidsavtalar mellom forskingsinstitusjonar
- Interesse for avtalerett, immaterialrett og personvern
- Erfaring frå forskingsadministrasjon er ønskeleg
- Svært gode kunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Initiativrik, sjølvstendig og analytisk
- Fleksibel og kunne jobbe i tverrfaglege team
- Kunne jobbe målretta og resultatorientert
- Ha stor arbeidskapasitet
- Det vert lagt vekt på personleg engasjement, det å vere eigna til jobbens krav og å ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ha eit godt juridisk skjønn, og kunne gje gode juridiske råd
Vi tilbyr
- Spennande utfordringar i ein organisasjon i sterk utvikling med dyktige og engasjerte kollegaer
- Nødvendig opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- Interessante og krevjande arbeidsoppgåver
- Vi oppmodar også nyutdanna juristar til å søke. Søkarar med erfaring innan forskingsadministrasjon kan bli vurdert for stillingskategorien seniorrådgivar eller spesialrådgivar
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin Egset Kjøde , Fagleiar, 92439240, kristin.egset.kjode@helse-bergen.noArbeidsstad
Jonas Lies vei 685053 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4877166074
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2776468
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a1f6591ff746490d97161f0e67d802ad