Hopp til innhold

Diakon/diakonimedarbeidar (60-80%), Radøy sokn

Arbeidsgiver

Alver kyrkjelege fellesråd

Sted

Idrettsvegen 1A, 5936 Manger

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Diakon/diakonimedarbeidar (60-80%), Radøy sokn
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Vår faste diakon på Radøy skal ha eitt års permisjon, og Alver kyrkjelege fellesråd har difor ledig eit vikariat som diakon/diakonimedarbeidar med kontorstad på Manger.

Fellesrådet blei etablert i 2020, og består av 5 sokn. Sjå kyrkja.no/alver for meir informasjon. Radøy sokn omfattar kyrkjelydane Hordabø, Manger og Sæbø. Kontoret og møtelokale er i sentrum av Manger. Soknet har vel 5000 innbyggarar og 4000 medlemmar i Dnk.

Diakonen er ein del av staben på kyrkjekontoret. Radøy sokn har eit Utval for diakoni og misjon som diakonen samarbeider tett med, og det er jamlege diakoniutvalsmøter gjennom året. Diakonen samarbeider også med lokale frivillege og offentlege instansar.

Vi ønsker at vikaren skal gå inn i mange av dei oppgåvene som den faste diakonen arbeider med. Kva oppgåver som skal bli prioriterte, må bli drøfta med den som går inn i vikariatet.

Diakonen er óg ein kompetanseressurs i heile fellesrådsområdet, og kan få oppgåver i tilknytning til dei andre sokna i Alver.

Vi lyser dette ut som 60%-80%, og er fleksible innafor det, avhengig av søkar sine ønsker og kvalifikasjonar.

Arbeidsoppgaver

Aktuelle oppgåver, avhengig av stillingsstorleik og kvalifikasjonar:

  • Leia det organiserte diakonale arbeidet i kyrkjelyden 
  • Vera sekretær for Diakoni – og misjonsutvalet 
  • Ha tett kontakt med frivillege
  • Koordinera «Kvardagsmiddag»
  • Leia barnekor 
  • Koordinera språkkafé 
  • Vera med på arrangement i samarbeid med resten av staben, til dømes minnegudsteneste og familiegudsteneste. 
  • Jobba med menneske i ulik alder og livssituasjonar
  • Andre aktivitetar i kyrkjelyden og fellesrådsområdet

Det er ønskeleg med

  • Diakoniutdanning eller anna relevant utdanning 
  • Erfaring frå diakonalt arbeid 

Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

Du må kunne disponere bil.

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevner og evne til sjølvstendig arbeid.
  • Ta initiativ og jobbe målretta
  • Vere opptatt av fellesskapsbygging
  • Gode relasjonsbyggande eigenskaper

Vi tilbyr

  • Lønn etter tariff
  • Offentleg pensjonsordning i KLP

Kontaktinformasjon

Grethe Lunde, dagleg leiar, 40648270
Gudveig Kartveit Sundsbø, diakon, 93840587

Arbeidssted

Idrettsvegen 1A
5936 Manger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Alver kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5122305539
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 25.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Gudveig Kartveit Sundsbø

diakon

93840587

Grethe Lunde

dagleg leiar

40648270

Om bedriften

Alver kyrkjelege fellesråd vart etablert i 2020 og består av 5 sokn med tilsaman 35 tilsette og 8 prestar. Alver kommune har om lag 30.000 innbyggarar og ca 75% er medlemmer i DNK. Kommunen består av både av bygder og bygdebyar og mange pendlar til Bergen. For meir informasjon om soknet – sjå
Alver kyrkjelege fellesråd www.kyrkja.no/alver

Sektor

Ikke oppgitt

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0c7f5509-9a7f-4e3a-a694-3d11bbe81841

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e2605608c8dc45f79a152f45a7800662

Lignende annonser

Laster lignende annonser