Hopp til innhold

Sommarvikariat - helsesekretær, sekretær, og medisinstudentar

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Helsesekretær, sekretær og medisinerstudent - sommarvikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Vi ser etter deg som set pasienten i fokus, som trivast med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar.

Sommaroppdraga varar normalt 4-8 veker og typiske oppdrag vil vere i ekspedisjon, poliklinikk og på sengepost. Behovet er størst i veke 25-33. Ved behov kan det vere aktuelt med oppdrag før/etter sommaren 2026. Oppdraga vil vere ved somatiske einingar knytt til Haukeland universitetssjukehus og Divisjon psyksik helsevern. 

Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge og kva veker du kan jobbe. Kandidatatar som kan jobbe samanhengande vil bli prioritert. 

Du kan lese meir om dei ulike avdelingene her.


Arbeidsoppgåver

Følgande avdelingar har behov for sommarvikarar: 

Skadepoliklinikken - I Bergen Helsehus i Solheimsviken finn du både Skadepoliklinikken Helse Bergen og Bergen legevakt, den allmennmedisinske legevakta til Bergen kommune. Skadepoliklinikken behandlar akutte skadar i armar og bein, som brot og forstuvingar, kutt, sår og brannskadar. 
Kontakt: Trude Karlsen, tlf. 47157546.

Augeavdelinga tilbyr utgreiing og behandling av ulike augesjukdommar og skadar hos barn og vaksne. I Augebygget finn du poliklinikk, operasjon, dagkirurgi og vakteining for øyeblikkelig hjelp (ØH). Sengepost for augepasientar er i Sentralblokka 5.etg, i lag med Hovude-hals og kjeve. Pt dagarbeid.
Kontakt: Susanne Varga, tlf. 41667022.

Senter for nukleærmedisin/ PET er ein integrert del av Radiologisk avdeling, og utfører all PET- og nukleærmedisinsk diagnostikk og behandling i Vestland fylke. I tillegg har vi regionalt ansvar og landsfunksjon for deler av verksemda. Senteret utfører alle tradisjonelle nukleærmedisinske og PET-undersøkingar i kombinasjon med CT, MR og ultralyd, inkludert ultralydrettleia biopsiar. Senteret har to PET/CT-maskiner (Biograph Vision og Quadra), PET/MR (Biograph One), to SPECT/CT (Symbia Intevo Bold) og ultralyd (Canon Aplio i700). Senteret arbeider tverrfagleg og har ca. 40 medarbeidarar, eigen legemiddelfabrikk for radiofarmaka med syklotron og radiokjemi.
Kontakt: Cecilie Brekke Rygh, tlf. 55970905.

Arbeidsoppgåvene kan varierer frå avdeling til avdeling

  • Koordinering og planlegging
  • Administrative oppgåver i Dips
  • Telefon/resepsjonsteneste
  • Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
  • Økonomisk oppgjer
  • Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
Kvalifikasjonar
  • Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær eller medisinarstudent. Andre helsefagstudentar med relevant erfaring kan og søke 
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (Dips) er ein stor fordel
  • Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • God på samarbeid
  • Nøyaktig
  • Serviceinnstilt
  • Fleksibel og har evne til å ta utfordringar

Vi tilbyr:
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Opplæring etter behov 
  • Eit triveleg arbeidsmiljø 
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar, +47 90740524

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5140578927
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Sigrun Hoem Evensen

Seksjonsleiar

+47 90740524

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0c66f5d5-c21d-4573-9512-c311d8d5c421

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7cf9cb7b917142c2b0ec893a326c943a

Lignende annonser

Laster lignende annonser