Miljøterapeut, 50 % fast stilling
Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste
Sevrinhaugen 7, 6102 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 23. januar
Vi har ledig ei 50% fast stilling som miljøterapeut i Rus- og Psykisk helseteneste, uteteneste , frå 01.02.2026. Det vert moglegheit for meirarbeid ved fråvær.
Rus- og Psykisk helseteneste tek i mot dei fleste nye tilvisningane i avdelinga, tilbyr støttesamtaler eller gruppebehandling. Dei tilsette har ansvar for eigen portefølje med brukarar.
Arbeidet er på dagtid. Rus og psykisk helseteneste er ein del av sektor helse og omsorg og har kontor ved Omsorgssenteret i Volda. Tenesta er tverrfagleg samansett og har særleg kompetanse innan psykisk helse, rus, avhengigheit og samtidige lidingar. Vi har til saman 29 årsverk fordelt på 4 tenesteområde. Vi tilbyr individuell oppfølging i psykisk helseteneste og rustenesta, arbeid og aktivitetstilbod ved lågterskeltilboda Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten, samt døgnteneste til heimebuande og Myra bufellesskap
Arbeidsoppgåver
Tenesta har ein fagleg profil vi jobbar ut i frå, der det er stor grad av autonomi og fleksibilitet innanfor dei faglege rammene.
- Individuell oppfølging med fokus på mestring ,endring og utvikling. eksempelvis heimebesøk og samtaler
- Miljøterapeutiske tiltak i heimen, samt støtte til viktige avtaler/møter og behandling. Psykososiale tiltak- strukturering i kvardagen
- Bistå i henvisning til spesialisthelsetenesta og ulike behandlingsforløp
- Veiledning av pårørande
- Koordinere og samarbeide med pårørande, fastlege, NAV, spesialisthelsetenesta og andre aktuelle aktørar
- Delta i endrings- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Det er krav om relevant bachelorgrad; fortrinnsvis sjukepleie og vernepleie, sosionom eller barnevernspedagog
- Søkjarar med vidareutdanning innan fagfeltet og erfaring frå tilsvarande arbeid kan bli prioritert
- Det er naudsynt med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort (klasse B) er eit krav
- Gode ferdigheiter i dokumentasjon og bruk av digitale verkty
Personlege eigenskapar
- Du er en person som har interesse for psykisk helsearbeid og rusarbeid. Vi arbeider med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når det er vanskeleg.
- Du er roleg, trygg, tydeleg og stabil, samtidig som du set grenser og står i konflikt og vanskelege situasjonar.
- Gode samarbeidsevner både når det gjeld brukarar, pårørande, samarbeidspartar og kollega.
- Gode evner til sjølvregulering og samregulering i møte med andre sine kriser.
- Evne til å halde seg fagleg oppdatert og tileigne seg ny fagleg kunnskap.
- Evne til å jobbe strukturert og målretta ut frå brukarane sitt behov.
- Personlege eigenskapar vil verte avgjerande for kven som blir tilsett
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle tenestene. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mykje humor. Du vil oppleve varierte arbeidsoppgåver og utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling. Du kan få tilbod om kompetansehevande kurs og veiledning.Kontaktinformasjon
Gunnhild Kolås, Seksjonsleiar, 48897584, gunnhild.ringset.kolas@volda.kommune.noMalene Rovde, Konst. Avdelingsleiar, 99011980, malene.rovde@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 76102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5050681667
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 23.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0c03f5e5-e400-4d5c-b511-a44bf14408b1
- Sist endret
9. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dc7065b39e5c474d98caea7d625c84ad
Lignende annonser
Vernepleier/miljøterapeut
Arbeidsgiver
Herøy kommune, Kultur og oppvekst
Sted
Fosnavåg
Vil du bidra som ferievikar i rus og psykisk helseteneste i sommar?
Arbeidsgiver
Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Volda kommune, Avdeling skule
Sted
Volda