Volda Omsorgssenter har ledig fleire faste stillingar for sjukepleiarar/vernepleiarar
Volda kommune, Institusjonsteneste
Barstadmarka 2, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Volda Omsorgssenter har ledig fleire faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
4
Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar eller vernepleierar som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Opnar opp for at Autoriserte helsefgaarbeidarar og kan og søke.
Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande.
Vi har ledig fleire faste stillingar og eit vikariat på to ulike langtidsavdelingar, ved Selje-/Hasletunet og Otta-/Karvestova på Volda Omsorgssenter, vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.
Arbeidsoppgåver
- Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
- Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
- Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
- Omsorg ved livets slutt.
- Tett pårørande samarbeid.
- Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
- Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
- Fokus på aktivitet og sosialisering.
Kvalifikasjonar
- Du er autorisert sjukepleiar,vernepleiar eller helsefgarbeidar, oppgje HPR nr i søknaden.
- Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
- Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål.
- Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
- Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum.
- Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar.
- Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
- Du har lyst til å bidra til utvikling.
- Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
- Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens.
- Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim".
- Personleg eignaheit vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
- Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
- Engasjerte og hyggelege kollegaer.
- Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
- Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
- Regelmessig internundervisning.
- Gode pensjons og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Instiusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noKwan Brudevoll Salvesson, Seksjonsleiar Otta-/Karvestova, 94139817, kwan.brudevoll.salvesson@volda.kommune.no
Merve Ekip, seksjonsleiar Selje-/Hasletunet, 96014461, merve.ekip@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4885535825
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 08.12.2024
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2791747
- Hentet fra
talentech
- Referanse
41966e2d8621453ca87b35d1429e9a9f