Språkassistent/miljøarbeidar 70% fast
Kvinnherad kommune NAV Kvinnherad
Sentrumsvegen 29, 5460 Husnes
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Nav Kvinnherad har eit langtidsvedtak om å busetja 50 flyktningar i året fram mot 2027. Vi har dei siste åra busett over 200 flyktningar, hovudsakleg frå Ukraina. Vi søkjer nå etter ein språkassistent/miljøarbeidar til integreringsteamet vårt som raskt kan kome inn i oppgåver og bidra til at nye innbyggjarar i Kvinnherad kommune får gode tenester, og nødvendig hjelp og veiledning.
Nav Kvinnherad har cirka 35 medarbeidarar. I integreringsteamet er det tilsett 10 medarbeidarar med variert erfaring og kompetanse.
Integreringsteamet har ansvar for:- Busetting av flyktningar i tråd med kommunestyret sitt vedtak
- Informasjon, råd og veiledning til flyktningar i etableringsfasen
- Drift av introduksjonsprogram og oppfølging av deltakarane i programmet
- Samarbeide med fleire aktørar og tenester i kommunen om oppfølging og rettleiing
- Koordinering av arbeidet med tilskot for busetting av personar med nedsatt funksjonsevne eller atferdsvanskar
Vert du motivert av å jobbe med mennesker og endring? Trives du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan dette vere jobben for deg.
Vi har ledig 70 % språkassistent/miljøarbeidar i fast stilling frå og med 01.02.25.
Arbeidsoppgåver:- Primæroppgåvene er knytta til tolking/oversetting frå norsk til ukrainsk knytta til samtalar med brukarar og i undervisning
- Tett samarbeid med Vaksenopplæringa
- Gje praktisk bistand og veiledning til flyktningar i etableringsfasen
- Gje informasjon og veiledning som bidrar til at flyktningane vil klare seg sjølv i kvardagen
Det kan bli endringar i arbeids- og ansvarsområder.
Kvalifikasjoner:- Norsk nivå minimum B2
- Kjennskap til integreringslova og introduksjonsprogram
- Erfaring frå arbeid med flyktningar og/eller personar i sårbare situasjonar
- Brei kunnskap om det offentlege tenesteapparatet og dets tilbod til innbyggarane
- Erfaring med motivasjons- og endringsarbeid
- Sosialfagleg forståing og flerkulturell kompetanse
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, muntleg og skriftleg – du må kunne kommunisere godt på både norsk, ukrainsk og engelsk
- God digital kompetanse
- Har høg arbeidskapasitet og solid gjennomføringsevne
- Er nøyaktig og strukturert - klarer å jobbe systematisk i eit svært hektisk arbeidsmiljø
- Er empatisk, samlande og inkluderande, har høg grad av serviceinnstilling
- Er god lagspiller og brubyggjar - vise fleksibilitet og hjelper til der det trengs
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2810211
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3438973_225967_nn