Hopp til innhold

Kulturskulelærar Dans fast deltid 17%

Arbeidsgiver

Time Kulturskule, Time kommune

Sted

Ola Barkveds veg 16, 4340 Bryne

Om jobben

Stillingstittel
Kulturskulelærar Dans fast deltid 17%
Type ansettelse
Fast, deltid 17%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 21. august

Time kulturskule skal tilsette ny kulturskulelærar i dans.
Arbeidsinnhald er allsidig undervisning av danse-elevar i ulik alder, frå barnedans (førskulealder) til ballett og jazzdans frå 1.trinn opp til vgs-alder og ev. elevar på fordjupingsnivå. Me søkjer deg som ivrar for dansefaget og vil vera del av lærarkollegiet i ein attraktiv, framtidsretta og aktiv kulturskule. 

Time kulturskule har 24 tilsette og om lag 720 aktive elevplassar. Skulen tilbyr allsidig undervisning innan dei fem fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Skulekorpsa er del av musikktilbodet. Nokre av lærarane har del-stilling for kunstnarisk utøving med formidlingstilbod til institusjonar og prosjektbasert undervisning i barnehage og grunnskule. Vi har regionalt nettverk og samarbeid med kulturskular i nabokommunane. Danselærar er del av fagseksjon for dans. 

Kulturskulen sin base ligg sentralt og nært Bryne sentrum/Bryne togstasjon. Me har samlokalisering med Bryne skule om undervisningsrom og aula, hovudvekta av den faste undervisninga skjer her. Det er tilbod om desentralisert undervisning på krins-skulane for nokre fag. Me har nært samarbeid med lokalt kulturliv, helseinstitusjonar, grunnskule og barnehage. Det er ei viktig målsetting å vera synlege i lokalsamfunnet og elevane skal læra, utøva og oppleva gjennom dei estetiske faga. Kulturskulen forvaltar eit viktig samfunnsoppdrag og tilbyr tilpassa opplæring av høg kvalitet. Elevane skal vera del av eit trygt og inkluderande læringsmiljø.  

Time kulturskule arbeider etter "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og har i tillegg lokale fagplanar. Undervisningsplattforma har fokus på "eleven som glødande punkt" og Vurdering for læring. Vår felles verdiplattform består av fem definerte område "kunstnarisk kompetanse og kreativitet, engasjement, samarbeid, ansvar, trivsel og respekt". 

Den kommunale kulturskulen i Time har tidlegare hatt nasjonal status som Demonstrasjonskulturskule. I dag er skulen eit etablert ressurssenter og ein samhandlande organisasjon for kunst- og kultur i lokalsamfunnet. Me arbeider etter visjonar for "Framtidas kulturskule i framtidas kommune".   

Arbeidsoppgåver

Vår nye danselærar skal vera del av Time kulturskule sitt faste lærarkollegie og delta i vårt faglege og kollegiale fellesskap.
Me ønskjer at du:

  • Beherskar ulike dansegenre/tradisjonar i undervisningssamanheng og utøving
  • Har kompetanse til å tilpasse undervisning for elevar i ulik alder og på ulikt nivå, frå yngre nybegynnarar til vidarekomne ungdommar innan fordjuping
  • Kan undervise både enkeltvis/solistar og grupper
  • Er fleksibel til å kunne delta med supplerande undervisningsopplegg i tverrfagleg prosjektarbeid
  • Deltek aktivt i kulturskulen si personalgruppe både fagleg og kollegialt
  • Underviser i samsvar med "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og lokal fagplan, utarbeider årsplan for eigne elevar/grupper
  • Arbeider for kvalitet, mangfald, inkludering og samhandling
  • Arbeider etter felles nedfelt visjon, målsetting og verdiplakat

Kvalifikasjonar

Time kulturskule har eit høgt utdanna og dedikert personale. Det er ønskjeleg at vår nye danselærar har følgjande kvalifikasjonar:

  • Høgskule/universitetsutdanning med dans som fagområde, bachelor- eller masternivå m/integrert- el. tilleggsutdanning innan pedagogikk/metodikk/PPU
  • Allsidig kompetanse som pedagog og erfaring som utøvar
  • Har erfaring frå undervisning i kulturskule eller anna relevant undervisningspraksis
  • Meistrar ulike genre innan dans og har erfaring med publikumsformidling
  • Beherskar undervisning på ulike nivå, ein til ein/solist og i gruppe
  • Evner å by på deg sjølv og samarbeide i eit tverrfagleg kollegafellesskap
  • God munnleg og skriftleg norsk-kompetanse, minimum B1-nivå

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir)eller tidlegare godkjenning frå NOKUT.

Personlege eigenskapar

Time kulturskule søkjer deg:

  • Som har gode kunstnariske og pedagogiske ferdigheiter
  • Som kan legga til rette for god læring og meistring
  • Som trivst i lag med barn og ungdom og er miljøskapande
  • Som med fagleg dyktigheit har evne til å sjå den enkelte elev individuelt og i gruppesamanheng
  • Som er samhandlande og samtidig tek ansvar for sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Som kan bidra positivt i eit kollegialt jobbfellesskap
  • Som er nysgjerrig og interessert, evner å ta initiativ, engasjere deg, kjem med innspel og bidreg til utvikling og nyskaping
  • Som har god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen
  • Som har gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kan bidra positivt i jobbfellesskapet

Me tilbyr

  • Eit allsidig, triveleg og levande arbeidsmiljø
  • Kollegafellesskap med høgt kvalifiserde lærarar innan ulike kunstnariske fag 
  • Kollegaer og arbeidsfellesskap som er opptekne av å finna gode løysingar og å gjera kvarandre gode
  • Aktivitet med prosjekt, opptredenar og utadretta verksemd for både elevar og lærarar
  • Variert og allsidig arbeidsinnhald
  • Nært samarbeid i ein organisasjon i utvikling
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk for kulturskulelærarar
  • Gode pensjonsordningar
     
    Lovkrav om gyldig politiattest etter opplæringslova § 17-11 jf politiregissterlova §39 fyrste ledd, må framleggast før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Guri Årsvoll, Rektor, 47301209, guri.arsvoll@time.kommune.no

Arbeidsstad

Ola Barkveds veg 16
4340 BRYNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5162051814
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 21.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Guri Årsvoll

Rektor

47301209

guri.arsvoll@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0bb4c922-3d1b-4005-a95c-58abe3c8e37c

Sist endret

10. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ee964bbbd074428399e382e5071f5d3a

Lignende annonser

Laster lignende annonser